Hopp til innhold

Jerveskyttar må i retten denne veka

Johan Berge må torsdag møte i Fjordane tingrett etter at han i 2008 skaut ein jerv på Strynefjellet.

Jerv i Oppstryn

JERVEN: Denne jerven vart skoten Skjeringsdalen på Strynefjellet 28. juli 2008.

Foto: Ingolv Folven

Berge vart ilagd ei bot på 10.000 kroner etter at skaut jerven i det han hevda var nødverge, men nekta å godta bota.

Førstkommande torsdag kjem saka opp i Fjordane tingrett, skriv Fjordingen si nettutgåve.

LES OGSÅ:

Hadde kurs mot tre sauer

Det var i juli 2008 at Johan Berge og Paul Egge på Strynefjellet for å overvake saueflokken. Berge hadde på dette tidspunktet søkt om løyve til å felle jerven, etter tap på saueflokken. Men løyvet var ikkje var gitt på det tidspunktet Berge gjekk til fjells.

Tidleg på morgonen oppdaga Berge jerven oppe i fjellsida. Til Fjordingen fortalde han etterpå at jerven i forbausande stor fart kryssa ein bre og ei ur på kurs mot tre sauer som ikkje rakk å reagere på angrepet. Frå 50-60 meters hald skaut Berge To skot. Det siste råka jerven i bogen.

Formildande - men bot

Berge har heile tida vore klar på at han skaut i naudverje, noko han også fekk full støtte for av Stryn kommune sin rovdyrkontakt, Ingolf Folven, skriv Fjordingen.

I etterkant av skytinga vart Berge ilagd ei bot på 10.000 kroner. Påtalemakta meinte det var formildande at Berge hadde søkt om fellingsløyve som han ville fått, og at han i tillegg varsla politiet og viltstyresmaktene rett etter at han hadde felt jerven.

– Burde skremt vekk jerven

Men Berge burde skremd jerven vekk i første omgang og venta med å skyte til løyve var gitt, meinte påtalemakta då dei utferdiga bota.

Denne har Johan Berge nekta å vedta.

Fjordane tingrett har sett av to dagar til rettssaka. Retten skal også på synfaring i området der jerven vart skoten.