Hopp til innhold

Jernbanetilsynet varslar enda eit nei til rutsjebana

Jernbanetilsynet sa nei til denne sklia i sommar. No varslar dei enda eit nei om ikkje Årdal kommune får opp farta.

Hilmar Høl ordførar i Årdal basseng

GARANTI: Ordførar Hilmar Høl lovar at årdølane får bruke sklia neste sommar.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Eg synest dei er freidige, seier Hilmar Høl (Ap) som er ordførar i Årdal.

I førre veke fekk han eit brev frå Statens jernbanetilsyn om at dei framleis manglar dokumentasjon for å behandla ferdig saka om rutsjebana i friluftsbadet i Øvre Årdal.

I brevet trugar jernbanetilsynet med å avslå søknaden «dersom me ikkje tek imot dokumentasjonen innan 27. oktober.»

Badesklier er regulert i tivolilova, som jernbanetilsynet held oppsyn med.

– Dette er håplaust. Denne saka burde ha vore løyst for lenge sida, seier stortingsrepresentant for Ap, Sverre Myrli, som har engasjert seg i saka.

Sogn Avis har også omtala saka.

Sette ned foten

Den mykje omtalte sklia var ferdig montert til juni, men årdølane fekk ikkje godkjenning til å ta ho i bruk.

Årsaka var mellom anna at kompetansekrava til dei tilsette i badeanlegget ikkje var tilstrekkeleg definert, at brukarmanualen var på engelsk, og at sklia ikkje hadde ein eigen beredskapsplan for brann og evakuering.

Saka vekte nasjonal merksemd, og Statens jernbanetilsyn uttala i ettertid at dei burde ha gått annleis fram og «prioritert saka høgare».

Samferdsleminister Knut Arild Hareide uttala at han var «einig med tilsynet i dette».

Han understreka samstundes at Statens jernbanetilsyn «skal og må ha ein sterk og uavhengig rolle når det gjeld å forsikre oss alle om at tryggleiken er i høgsetet.»

– At dei tar rolla si veldig alvorleg, skal vi alle vere veldig glade for, uttala han.

Knapp tidsfrist

No får sagaen om sklia i Årdal enda eit kapittel.

– Me vil måtte fatta eit vedtak som går ut på å avslå søknaden dersom me ikkje tek imot dokumentasjonen innan 27. oktober, skriv Ingunn Diex Rognes i eit nytt brev til kommunen.

Rognes er seniorrådgjevar for jernbanekøyretøy og fornøyelsesinnretningar i Statens jernbanetilsyn.

I brevet viser ho til ulik dokumentasjon som må sendast inn for å behandla søknaden om driftsløyve.

4. august kom svaret frå Jernbanetilsynet. Der skriv dei at «oversendt dokumentasjon må kompletterast før godkjenning kan gjevast», og at tida for ekspedering er fire veker.

BREV FRÅ TILSYNET: Statens jernbanetilsyn har fleire motsegner til sklia. Mellom anna at brukarmanualen til sklia er på engelsk, og ikkje skandinavisk, som er eit krav i forskrifta.

Foto: Håvard Nyhus

Hilmar Høl innrømmer at den nye fristen kjem brått på.

– Vi trudde vi hadde betre tid enn dette. Det er jo lenge til neste sommar, seier han.

Han fortel at brukarmanualen allereie er ferdig omsett, men at dei no set opp farta med å ferdigstille evakuerings- og beredskapsplanen.

Direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen i Jernbanetilsynet seier til NRK at kommunen kan få utsett frist dersom dei treng det.

– Men vi sit her og ventar utan å høyre noko. Det er normal rutine å be om dokumentasjon, og dersom kommunen treng lenger tid på å framvise dette må dei sei ifrå, seier han.

Han seier det er vanleg prosedyre å avslutte saker dersom dei ikkje mottar noko respons.

– Vi kan ikkje sitte med opne saker dersom vi ikkje høyrer noko frå søkaren, seier han.

Direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen i Statens jernbanetilsyn

RESPONS: Direktør i jernbanetilsynet, Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, seier at dei ikkje har høyrt noko frå kommunen.

Foto: Pressefoto

Må ut med 20.000

Uansett kva det blir til, må kommunen betale eit gebyr om lag 20.000 kroner.

Ordføraren i Årdal har tidlegare samanlikna saka med ein episode av TV-serien «Etaten», og medgir at kommunen og tilsynet representerer to ulike kulturar og tenkemåtar «som ikkje alltid harmonerer like godt».

– Men dette ligg på oss begge, og nå er det vår tur til å levere. Du køddar ikkje med etaten.

– Kan du garantere årdølane at dei får bruke sklia til neste sommar?

– Ja, det vil eg jaggu love. Elles har ikkje denne ordføraren anna val enn å kaste hansken.

GOD BESØKT: Til no har 2200 vore innom friluftsbadet i Øvre Årdal denne sesongen, men det er god plass til fleire, seier oppsynsmann Frank Runar Øren.

NY SKLIE: I fjor haust var letnaden i Årdal stor. Etter mykje om og men hadde kommunen endeleg greidd å skrape saman 2 millionar kroner til ei ny sklie.

Foto: Morten Sortland / Sogn Avis