Hopp til innhold

Jernbanetilsynet seier nei til denne sklia

Inst i Sognefjorden drøymde årdølane om ei vassklie. Så kom Jernbanetilsynet på bana.

GOD BESØKT: Til no har 2200 vore innom friluftsbadet i Øvre Årdal denne sesongen, men det er god plass til fleire, seier oppsynsmann Frank Runar Øren.

NY SKLIE: I fjor haust var letnaden i Årdal stor. Etter mykje om og men hadde kommunen endeleg greidd å skrape saman 2 millionar kroner til ei ny sklie.

Foto: Morten Sortland / Sogn Avis

RÅDHUSET I ÅRDAL, 4. august. Hans Jørgen Røneid, som er leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i kommunen, får vidaresendt ein e-post frå ein kollega som er på ferie.

Kollegaen har hatt løpande kontakt med Statens jernbanetilsyn, så Røneid veit at innhaldet kan vere viktig.

Og ganske riktig. Idet han opnar vedlegget, forstår han at rådmannen må varslast omgåande.

Han går resolutt, men «relativt roleg» opp i tredje etasje, og banker på døra til rådmannen.

– Vi har fått svar frå jernbanetilsynet, seier han.

Vi skal tilbake til rådhuset, men først må vi litt tilbake i tid. Til 1997.

For det skjedde i dei dagar at det vart sendt ut bod om at Norsk Hydro ville gje ei gåve til Årdal, kraftkommunen og Ap-bastionen lengst inne i Sognefjorden.

Gåva var ei badesklie, og denne skulle årdølane ha gleda av å mange år. 21, for å vere nøyaktig.

For tida set spor, både umerkelege og merkelege, og då badesesongen i 2018 var over, var det på tide å pensjonere den gamle sklia.

Utan å bli altfor sentimental. Det var trass alt berre ei sklie.

DEN GAMLE SKLIA: Skøytene var byrja å gå opp i liminga; og når sola skein, makta ikkje lenger rutsjebanen å kaste sollyset tilbake slik han hadde gjort i sine velmaktsdagar.

DEN GAMLE SKLIA: Tida set spor, både umerkelege og merkelege, og då badesesongen i 2018 var over, var det på tide å pensjonere den gamle sklia.

Foto: Årdal kommune

Men ikkje før var sklia demontert, før det viste det seg at marknaden for badesklier var annleis enn kommunen hadde sett for seg. Ikkje fann dei ei sklie som passa; og dei som passa, var for dyre.

Sommaren 2019 passerte, utan at ei ny sklie kom på plass.

«Rutsjebanesaka» har vore ein gjengangar i Sogn Avis og Porten.

I fjor haust var difor letnaden stor. Etter mykje om og men hadde kommunen endeleg greidd å skrape saman 2 millionar kroner, og på tilbodssida hadde dei funne ein tysk leverandør, som også tok på seg å montere sklia.

Kunne mars vere eit passande tidspunkt å kome?

Så skjedde korona, og alt byrja å gå i sakte film. Sendinga frå Tyskland vart forseinka, og reiserestriksjonane gjorde at dei tyske montørane i alle høve ikkje kunne følgje med.

Mars vart til april vart til mai, og skliedraumen fjernare.

STENGD: Den nye sklia er ferdig montert og klar til bruk, men kan ikkje brukast før Statens Jernbanetilsyn har godkjend den.

ENDELEG MONTERT: Den fyrste veka i juni kunne dei tyske skliemontørane omsider sette beina sine på norsk jord.

Foto: Morten Sortland / Sogn Avis

Men så, ei strime av håp!

No er det like før, varsla kommunen på heimesida si 18. juni: «Me gjer det me kan for å få skliene godkjende så snart som råd, og håpar at me kan ta dei i bruk om ikkje lenge.»

Dei tyske montørane hadde endeleg fått lov til å sette beina sine på norsk jord.

Det einaste som stod att var ein formalitet. Nokre papir som skulle inn til Statens jernbanetilsyn. Sidan badesklier er regulert i tivolilova, som jernbanetilsynet held oppsyn med.

Men igjen, dette var ikkje noko å uroe seg for, forsikra kommunen. Ein uavhengig kontrollør, i dette tilfellet konsulentverksemda KIWA Noreg, hadde allereie sett på badeanlegget på vegner av tilsynet, og dei hadde ingen merknader. Alt var som det skulle.

Skulle ha ferie

24. juni vart difor ein papirbunke sendt over til Statens jernbanetilsyn, slik at dei raskt kunne sette sitt godkjentstempel på den – og årdølane kunne byrje å skli.

Det var berre eitt problem. Dei tilsette i Statens jernbanetilsyn skulle ha ferie.

Kor lenge? Fram til 3. august.

(Du kan lese heile tilsvaret frå tilsynet lengre ned i saka.)

Akk, det var då noko. Då får vi iallfall seinsommaren, tenkte årdølane, då dei fekk summa seg. Dei trøysta seg med at juli gjerne regnar vekk uansett.

GOD BESØKT: Til no har 2200 vore innom friluftsbadet i Øvre Årdal denne sesongen, men det er god plass til fleire, seier oppsynsmann Frank Runar Øren.

I SKJØNNASTE ORDEN: Ein uavhengig kontrollør undersøkte badeanlegget i mai. Dei hadde ingen merknader.

Foto: Morten Sortland / Sogn Avis

På kontoret til rådmannen

Og det vart kveld, og det vart morgon 4. august.

Var dette dagen dei hadde venta på i to år?

I tredje etasje i rådhuset har Hans Jørgen Røneid kome inn på kontoret til rådmannen. Stig Stark-Johansen, heiter han, og han sukkar tungt.

Tilsynet er ikkje tilfreds, og har fleire motsegner.

Eitt ankepunkt er at kompetansekrava til dei tilsette i badeanlegget ikkje er tilstrekkeleg definert. Tilsynet vil mellom anna vite alderen på driftsleiaren. Vidare skriv dei at brukarmanualen til sklia er på engelsk, og ikkje skandinavisk, som er eit krav i forskrifta.

Og til sist gjer dei eit poeng av at kommunen ikkje har vist til ein beredskapsplan for brann og evakuering.

Konklusjon: sklia er ikkje godkjent til bruk.

4. august kom svaret frå Jernbanetilsynet. Der skriv dei at «oversendt dokumentasjon må kompletterast før godkjenning kan gjevast», og at tida for ekspedering er fire veker.

BREV FRÅ TILSYNET: Statens jernbanetilsyn har fleire motsegner til sklia. Mellom anna at brukarmanualen til sklia er på engelsk, og ikkje skandinavisk, som er eit krav i forskrifta.

Foto: Håvard Nyhus

– Det er heilt absurd, seier Hilmar Høl, ordførar i Årdal kommune.

– Vi snakkar om ei lita utandørssklie i stål. Om dette er brannfarleg, får dei kome å sjå på det. Ærlig talt!

Håp i hengande snøre

– Eg veit at godt tilsyn er viktig. Eg er trass alt byråkrat, seier Stig Stark-Johansen.

– Men av og til må ein vere litt smidig òg.

I ein siste desperat manøver kastar han seg rundt og ettersender nye dokument til Jernbanetilsynet, og lover at dei skal omsette brukarmanualen snarast råd.

Var det likevel håp i hengande snøre?

Nei.

Rett etterpå kjem eit nytt svar frå Jernbanetilsynet. Der skriv dei at «oversendt dokumentasjon må kompletterast før godkjenning kan gjevast», og at tida for ekspedering er fire veker.

Då kapitulerer rådmannen. Det er ikkje meir å gjere. Ikkje anna enn å sende ut ei pressemelding om at skliene i friluftsbadet i Øvre Årdal ikkje blir opna denne sommaren likevel. Ikkje no. Og ikkje seinare i august.

Innan Jernbanetilsynet kunne ekspedere søknaden, ville det vere september, og for seint.

Rådmannen legg til at han er lei seg for å ha «skapt forventingar om bruk i sommar».

– Eit bilete på kor rigid det er mogleg å bli

Reporter i Sogn Avis, Hanne Stedje, har fylgt «skliesaka» heilt frå byrjinga av. Ho kallar saka «eit bilete på kor rigid det er mogleg å bli», og ei påminning om «kor viktig det er å strekke seg den ekstra meteren», for å kome kvarandre i møte.

– Jernbanetilsynet kunne ha sagt: Ok, instruksjonen for demontering av sklia er på engelsk, men det er greitt. Sørg for å få den omsett fortast råd. I staden seier dei: Tida for sakshandsaming er nedfelt i lovverket, og den er fire veker. Punktum.

Ordførar Hilmar Høl samanliknar saka med ein episode av TV-serien «Etaten», der Atle Antonsen speler ein noksagt i Plan- og bygningsetaten, og der skiljet mellom rigid og slem og dum kan vere hårfint.

– Det er jo litt sånn. Og så tenkjer eg på ungane, som dette går utover. Men, vel, det er ikkje noko vits å gråte over spilt vatn, for å seie det slik.

– Det finst ein annan TV-serie også, som heiter «Neste sommar».

– Ja, den er veldig god faktisk. Og det er trøysta her. Det kjem ein neste sommar, og då er sklia klar til bruk!

Molefonken Hilmar Høl på Ap-møte

ETATEN: Ordførar Hilmar Høl (bilete) samanliknar saka med ein episode av TV-serien «Etaten», der Atle Antonsen speler ein noksagt i Plan- og bygningsetaten, og der skiljet mellom rigid og slem og dum kan vere hårfint.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Forteljinga om sklia i Årdal er basert på samtaler med ordførar Hilmar Høl, reporter Hanne Stedje, rådmann Stig Stark-Johansen og Hans Jørgen Røneid, leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i Årdal kommune.