For fleire bilar som har vore selde, har pengane gått inn på den private kontoen til Jensen. Dette forklarte Jensen med at dei som hadde kjøpt bilane hadde gjort ein feil eller at nokon annan i firmaet hadde oppgjeve feil konto. Mange av sakene avviste han heilt å ha kjennskap til, mellom anna hevdar Jensen at fleire av dokument er forfalska.
Svekt truverde
Han vedgår at dokumenta som er lagde fram i retten, er med på å svekke truverdet hans. I tillegg blir truverdet til bilseljaren svekt av at det er svært vanskeleg å få konkrete svar frå han. Han unngår å svare på generelle spørsmål om t.d. rekneskapsrutinar, og han har store vanskar med å svare på enkle konkrete spørsmål som om kor mykje han betalte for eit hus han kjøpte.
Det var sett av ein dag i Sunnfjord tingrett til forklaringa frå Jensen. På grunn av desse unnvikande svara og dei mange detaljane i denne saka, har forklaringa no snart tatt to dagar, og er enda ikkje ferdig.