– Når ein først har oppdaga nokre tilfelle, og det vert sette i gang ei slik prøvetakting, så fryktar ein at det skal dukke opp meier, seier Alf Erik Røyrvik som er fylkesleiar i Norges Jeger- og fiskeforbund.
Også denne gongen er sjukdommen oppdaga på ein villrein i Nordfjella i Lærdal. Det var der sjukdommen i vår for første gong vart påvist i Europa.
- Les også:
- Les også:
Snart startar hjortejakta
Torsdag 1. september startar hjortejakta.
Røyrvik ser ikkje vekk frå at jegerar i andre kommunar også vil ynskjer å få testa dyra dei skyt.– Nokre er nok svært uroa, medan andre igjen meiner dette er opphausa og kjem til å gå fort over. Ein håpar jo at dei sistnemnde skal få rett, men eg trur nok at dette er ein situasjon som vi som jegerar må ta på alvor.
Han fryktar ikkje at tilfella som så langt er påviste av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke, skal skremme jegerane frå å jakte.
– Nei, eg trur ikkje det i denne omgang. Det litt positive opp i dette er at det tatt svært mange prøver som ikkje syner sjukdom, seier Røyrvik.