Hopp til innhold

Jau, Jon Fosse kjem på «snobbe-banketten»

Ifølge nokre media har Jon Fosse ikkje tenkt å delta på den overdådige Nobel-banketten i samband med at han får utdelt Nobels litteraturpris 10. desember.

Etter tildelinga har han uttalt at større sosiale samkomer ikkje gir han noko glede.

Men den smålåtne forfattaren avkreftar no ryktet om at han ikkje kjem til den kongelege middagen.

– Eg skal vera med på banketten, men skulle gjerna ha takka nei! skriv han med utropsteikn til BA.

Om han får den svenske dronninga til borddame å småprata med, står att å sjå.