Både tilsette i Fylkesbaatane og Arbeidarparti-politikarar har uttrykt sterk motstand mot at Skartun skal halde fram som styreleiar i Fjord1. Grunnen er at han har gått imot å slå saman Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) og Møre og Romsdal fylkesbåtar, medan både tilsette i FSF og fylkespolitikarane som eigarar har gått inn for samanslåing. Senterpartiet har difor vore under hardt press for å skifte ut Skartun.
Stiller likvel
(Foto: NRK)
Med støtte frå eige parti, stiller Jarle Skartun likevel som kandidat på torsdag når bedriftsforsamlinga skal velje nytt styre.
- Eg konkluderte med at det ville vere feil å kaste korta på dette tidspunktet, seier Skartun
Endrar ikkje syn
Men Skartun endrar ikkje syn på fusjonsplanane for å sikre seg attvalet:
- Dette er ein utfordrande jobb, der det er vanskeleg å gjere alle til slags. Eg trur ein må vere innforstått med at det kan blåse friskt i dette vervet. Så får vi sjå kva det kan bringe når ting har ordna seg, slik at eventuelt grunnlaget for fusjon er betre på eit seinare tidspunkt, seier Jarle Skartun.