Sjå valresultatet for Fjaler
Ap går tilbake med fire prosentpoeng og Sp held stillinga, i høve til 99-valet. Resultatet er at dei to partia no står heilt likt med 24 prosent kvar. Dermed vil forhandlingar og koalisjonar avgjere fordelinga av verv og posisjonar. I dag er Jan Ulltang ordførar og Arve Helle varaordførar.
Godt Venstre-val
Kåre Solheim, Høgre, er ein reell utfordrar, men posisjonen er svekka etter tilbakegangen på 4,8 prosentpoeng. Venstre, med Gudmund Solheim som toppkandiat, er valets vinnar med ein solid framgang. Også SV gjer eit bra val i Fjaler.