Hopp til innhold

Desperat jakt på dei rike tyskarane

Færre tyskarar enn før reiser på ferie til Noreg. Reiselivsnæringa på Vestlandet jobbar for å snu denne trenden, og smøring av tyske journalistar er ein del av strategien.

Færre tyskarar enn før ferierer i Norge, og det uroar reiselivsnæringa på Vestlandet. Difor har dei invitert 42 tyske reiselivsjournalistar på tre dagars smøretur.

VIDEO: Torsdag besøkte dei 42 tyske journalistane som er på smørjetur i Noreg Bryggen. Fredag står fjell og fjord på programmet.

Denne veka er over 40 tyske reiselivsjournalistar på ein tredagars tur på Vestlandet. Dei er blitt inviterte på smørjetur som er ein del av reiselivsnæringa sin strategi for å lokka til seg seg fleire tyske turistar.

Og aller helst skal det vere rike tyskarar.

Britt Dalland

TILTAK: Britt Dalland er sals- og marknadsdirektør i Fjord Norway som har invitert 42 tyske reiselivsjournalistar til Noreg.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Det kjem framleis mange tyskarar til Noreg, rett over ein og ein halv million tyskarar besøkte Noreg i fjor, men dei er færre enn tidlegare. Dei som kjem bruker også mindre pengar.

– Me har med oss alt me treng til matlaging. Nudlar, poteter, brød, og det me treng til frukost. Alt er i bilen, seier turisten Andreas Klahre som er på bubilferie i Noreg i sommar.

– Tyskland er største marknaden

Frå 2011 til 2012 gjekk talet på tyske turistar i Noreg ned med 5,2 på landsbasis. I dei fire vestlandsfylka sin del er nedgangen på over ni prosent.

– Det er veldig alvorleg, fordi Tyskland er den største marknaden me har. Dermed så gir eit slikt prosenttal store utslag for oss, seier sals- og marknadsdirektør Britt Dalland i Fjord Norway.

I Sogn og Fjordane har dei allereie merka godt at færre europearar reiser på ferie til Noreg i sommar, og det er særleg turistar frå Tyskland det kjem færre av.

LES OGSÅ: Vil lokke turistar med fjordhesten

Skriva om landskapet og Bergen

No intensiverast altså kampen på å få dei tyske turistane som faktisk legg igjen pengar i Noreg. Vegen går via dei som fører pennen i tyske reiselivsmagasin.

Fjord Norway har difor saman med den tyske turoperatøren Der Tour invitert 42 tyske reiselivsjournalistar på smørjetur til Noreg.

Myriam Preiss

LANDSKAPET: Journalist Myriam Preiss vil skriva om blant anna landskapet i Noreg når ho kjem heim til Tyskland.

Foto: Jørgen Eide / NRK

I tre dagar skal dei tyske journalistane sendast rundt for å oppleva «indrefileten» av Vestlandet.

– Eg vil definitivt skriva om landskapet, fordi me skal på isbreen ein tur. Ein viktig del vil handla om friluftsliv, og eg vil heilt klart skriva noko om Bergen, seier Myriam Preiss som er journalist i Bild am Sonntag.

LES OGSÅ: Turistene kommer sjøveien

– Framleis nokon som har råd til å komma

Fjord Norway og andre i reiselivsnæringa håpar positiv omtale av Noreg i tyske medium skal lokka fleire turistar. Men det er dei rike tyske turistane som er hovudmålgruppa.

Andreas Klahre

DYRT: Noreg er for dyrt for normale folk i Tyskland, meiner turist Andreas Klahre. Han har med seg mykje mat frå heimlandet medan han ferierer i Noreg.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det er framleis like dyrt, men endå fleire kjem til å få vita om det. Det er framleis eit segment der ute som har råd til å komma hit, og som vil komma hit. Jo fleire som får vita om det, jo meir sjanse er det for at det vil komma fleire her, seier Dalland i Fjord Norway.

Turist Andreas Klahre er tydeleg på at han ikkje høyrer til det rike segmentet, men han har nokre tips om kva norske reiselivsaktørar kan gjera for å prøva å lokka til seg seg fleire rike tyskarar.

– Kanskje kan dei la det vera som det er, eller gjera det litt dyrare. Men for normale folk er det uansett for dyrt, seier Klahre.

LES OGSÅ: Brukar lite på å lokke nordmenn til Norge