Hopp til innhold

Brukar lite på å lokke nordmenn til Norge

Sjølv om nordmenn er den største inntektskjelda til norsk reiselivsbransje, blir nær alle midlar til marknadsføring brukt på utanlandske turistar. Det gjer direktøren på Akvariet i Bergen opprørt.

Norsk reiseliv må marknadsføra seg meir mot nordmenn.Det meiner akvariesjef Kees Ekeli i Bergen. Han tykkjer reiselivsnæringa satsar heilt feil.

– Det må satsast meir på norske turistar, meiner direktøren på Akvariet i Bergen, Kees Ekeli.

Kees Ekeli

– SATS PÅ NORSKE TURISTAR: Det meiner akvariesjef Kees Ekeli i Bergen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Den norske marknaden har vore underprioritert i ei rekke år. Reiselivsnæringa i Norge bør tenkje seg om og bruka ressursane på det norske segmentet, meiner direktør for Akvariet i Bergen, Kees Ekeli.

Nordmenn som ferierer i eige land står for over 70 prosent av overnattingar på hotell, campingplassar og hytter. Det gjer dei norske turistane til ei viktig inntektskjelde for norsk reiselivsbransje.

– Feil fokus

Likevel er mykje av reiselivssatsinga og marknadsføringa retta mot utanlandske turistar.

Ekeli rasar mot det han meiner er feil fokus i marknadsføringa, og seier det må satsast meir på mot nordmenn.

– Rådet er heilt klart. Begynn å omstrukturere dei midlane som ein har i dag. Og kanskje bruka meir midlar på å fortelje nordmenn kor fantastisk det er å vera i Norge.

Ein rapport frå Innovasjon Noreg syner at talet på utanlandske gjestedøgn steig med ein prosent frå 2011 til 2012. Men i same periode auka den norske delen med tre prosent.

Gjestedøgn i Norge

2012

Kommersielle gjestedøgn

Endring 2011-2012

Totalt

29 997 166

3 %

Norge

21 866 976

3 %

Utanlandske

7 896 722

1 %

Kjelde: Innovasjon Noreg

Nordmenn reddar bransjen

Wenche Salthella

REDDAR BRANSJEN: – Nordmenn var redninga for reiselivet i Norge under finanskrisa, seier bransjesjef Wenche Salthella i NHO.

Foto: Karoline Kalstveit / NRK

Bransjesjef Wenche Salthella i NHO seier nordmenn er ekstremt viktig for reiselivsnæringa. Men ho er ikkje einig i at ein brukar for mykje pengar på marknadsføring i utlandet.

– Me ynskjer oss eigentleg meir midlar til det. Men ein kan godt seia at det burde vore høgare satsing og marknadsføring i Norge, det kan eg vera samd med Ekeli om, seier Salthella til NRK.

Ho fortel at reiselivsbransjen ikkje tek norske turistar i eige land for gitt.

– Etter finanskrisa såg me ein markant nedgang i det utanlandske marknaden. Då var nordmenn redninga for reiselivet i Norge, meiner ho.

– Mykje å oppleva her heime

Bryggen i Bergen i gråvær

IKKJE BERRE UTANLANDSKE TURISTAR: Nordmenn vil også oppleva attraksjonar i eige land. Her er Bryggen i Bergen.

Foto: Keilen, Berit / NTB SCANPIX

– Norge er jo eit veldig fint land. Det er flott å få sjå litt av sitt eige land, og ikkje berre reise til Syden. Det er veldig mykje å oppleva her heime, seier Mari Sundstrøm.

Ho ferierer i eige land denne sommaren, og ynskjer seg meir informasjon om perlene som finst i Norge.

– Kanskje veit ein ikkje om alt som finst. Akvariet her i Bergen er kjempefint for småbarn som vi har med oss i dag.

Over 30 millionar kroner

Britt Dalland

FOKUSERER INTERNASJONALT: – Vi har vårt fokus på den internasjonale marknaden, fortel marknadsdirektør Britt Dalland i Fjord Norway.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Frå kontoret på Bryggen i Bergen, nyttar Fjord Norway over 30 millionar kroner i året på marknadsføring. Inntil i år har ikkje noko av desse midlane vore retta mot norske turistar.

– Nei, vi har hatt vårt fokus på det internasjonale marknaden, fortel marknadsdirektør Britt Dalland i Fjord Norway.

Sjølv om den norske turistandelen er stor og aukande, har Fjord Norway ingen planar om å endre på si satsing.

– Vi meiner, for fjord – Norge sin del i alle fall, at det er viktig at vi held fram med å satse på det internasjonale marknaden. Det er utruleg viktig for norsk reiselivsnæring å ha fleire bein å stå på, meiner Dalland.