Men ordførar Gerd Dvergsdal er svært glad for avgjerda i dag. For senterpartiordføraren vil nemleg ei kraftutbygging i Kjøsnesfjorden bety 5,7 millionar kroner meir i kommunekassa årleg. Utbygginga vil koste rundt 550 millionar kroner og gi straum til 11500 husstandar.
Omstridd
Men utbygginga er svært omstridd, fordi den delvis vil bli bygd inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim, er i dag svært skuffa. Han seier dette er eit grovt og skadeleg inngrep i nasjonalparken, og eit klart brot med Sem-erklæringa om at storutbyggingar skal det vere slutt på.
Erik Solheim
Skulle ikkje vere til hinder
Men desse påstandane blir avviste frå statssekretær Britt Skjelbred i Olje- og Energidepartementet. Då Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991, var det ein klar føresetnad frå Stortinget at etablering av nasjonalparken ikkje skulle vere til hinder for konsesjonshandsaming av slike kraftverk, seier ho.