Styreleiar Harry Mowatt. Arkivfoto Arild Nybø, NRK
Det stadfestar styreleiar Harry Mowatt etter styremøte både i Kjøsnesfjorden Kraftverk og Sunnfjord Energi. - Vi er vel eitt steg nærare realisering, men det er mange steg igjen, og det er på ingen måte sikkert at det let seg realisere, seier han.
Veidekke har einerett
Det var i sommar entreprenørselskapet Veidekke kom med ein pris på utbygginga som Sunnfjord Energi ikkje fann å kunne leve med. Den låg i overkant av 780 millionar. Problemet var at Veidekke har einerett til å bygge ut på grunn av gamle avtalar. Det betyr at dersom Sunnfjord Energi ville nytte ope anbod, måtte dei vente i tre år, dersom dei skulle unngå å måtte betale Veidekke kompensasjon.
Kjøsnesfjorden. Arkivfoto NRK
Ny kontraktsmodell
No vel utbyggarane å gå i vidare tingingar med nettopp Veidekke, men med ein annan kontraktsmodell, der Sunnfjord Energi tek noko støre risiko sjølv, seier Mowatt. - Dermed vil vi kunne redusere noko av påslaget til Veidekke og spare pengar, seier han.
Marginalt prosjekt
Kjøsnesfjorden er eit marginalt prosjekt, med risiko knytta til framtidig straumpris. - Er vi uheldige, kan det gå ut over overskotet til Sunnfjord Energi, og at eigarane våre dermed får mindre avkastning. Vi må vere så edruelege at vi ikkje set inntektene til kommunane mellom 2010 og 2020 over styr, seier Mowatt. Sunnfjord Energi tek endeleg avgjerd om utbygging eller ikkje ut på nyåret.