Hopp til innhold

Island-sigeren heldt på å skape splid i forholdet

Men Kristin Audardottir Oldeide fortel at det ikkje blir nokon skilsmisse, til trass for at ho er saman med ein engelskmann.

Kristin Audardottir Oldeide trur at no kan island vinne heile EM.

VINN: Kristin Audardottir Oldeide trur at no kan island vinne heile EM. Hunden Patch er også ivrig supporter.

Foto: Privat

I går stod Island for ein av dei mest oppsiktsvekkande prestasjonane i eit europameisterskap i fotball på lang tid. Nasjonen med drygt 300 000 innbyggjarar slo ut fotballstormakta England i åttandedelsfinalen.

For Kristin Audardottir Oldeide var kampen litt ekstra spesiell. Ho er nemleg saman med ein engelskmann. Men, forholdet skal nok overleve resultatet.

– Han tok det eigentleg ganske fint, men det var nokre forsøk på å skylde på at Island drog litt mykje i trøyene og slikt. Men eg sa berre det at vi er vikingar. Vi har litt meir testosteron, seier Oldeide. Ho legg til at det neppe blir nokon skilsmisse med det første.

Patch er ein ivrig island-supporter.

PIZZA: Patch veit å utnytte situasjonen når ei ivrig matmor fokuserer alt på fotballkampen.

Foto: Privat

Hunden åt opp pizzaen

– På det siste målet skreik eg så høgt at hunden skvatt. Då hoppa han opp på meg og dermed fauk glaset ned frå bordet og sølte vatn overalt. Då fant han ut at det var ein fin anledning til å forsyne seg grovt av pizzaen, ler Kristin Audardottir Oldeide.

Ho er ikkje den einaste islendingen i fylket som i dag vakna opp til sigersrus.

– Laget har vist at alt er mogleg, fortel Johann Throstur Sigurdsson frå Stryn. Han vaks opp på sagaøya, og flytta til Noreg då han var 9 år. I går var heile familien samla for å sjå oppgjeret under EM i Frankrike.

– Heile familien var på Isehaug kafeteria, og vi fekk sjå kampen på storskjerm. Det var grei stemning, fortel Sigurdsson.

– Skal vinne heile skiten

No møter islendingane vertsnasjonen Frankrike i kvartfinalen. For Johan Sigurdsson kunne det knapt passa betre.

– Eg og familien skal på ferie til Island og skal vere der i ni dagar. Vi har snakka om at dersom Island skulle vinne mot England, så rekk me kvartfinalen i Reykjavík. Så vi skal sjå kvartfinalen på torget der på søndag, og det gler vi oss veldig til, seier Sigurdsson.

Johann Sigurdsson

GLAD ISLENDING: Johann Sigurdsson får no sjå kvartfinalen mot Frankrike i Reykjavík.

Foto: Silje Guddal / NRK

Men sjølve kampen fryktar han blir for tøff.

– Eg er redd for at dei har brukt for mykje krefter og tapar mot Frankrike. Men ein veit aldri med det laget, dei har faktisk trua på at dei vinn EM.

Kristin Audardottir Oldeide er litt klarare i si tale.

– No skal vi vinne heile skiten, ler ho.