Hopp til innhold

Innrømmer underslag

Advokat Halstein Sjølie har innrømt underslag, og politiet har sikta han for underslag av 30 millionar kroner. Sjølie har mellom anna kjøpt tre hotell i Sogn, men i sommar blei hotella lagt ut for sal att fordi handelen aldri gjekk gjennom. Hotel Mundal var eitt av hotella, og det er no kjøpt tilbake av tidlegare eigar Ola Moe. Dei to andre hotella har førebels ikkje nye eigarar. – Det er lagt inn bod på Tørvis Hotell og Nigardsbreen Lodge, men me har ikkje kome fram til nokon kjøpar enno, seier næringsmeklar Tommy Aaby til Porten.no.

Hotel Mundal
Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK