Hopp til innhold

Inger Helene sit åleine på «utstillingsvindauge» for dyrepolitiet

I 2015 vedtok Stortinget å opprette eit eige dyrepoliti. Seks år seinare sit Helene heilt åleine på kontoret.

Politifullmektig Inger Helen Stenevik ved dyrekrim-eininga i Florø.

ÅLEINE: – Vi jobbar ofte med grove saker. Då er det utfordrande å sitte åleine, seier Inger Helene Stenevik.

Foto: Liv Standal

I Sverige byrja dei med dyrepoliti for ti år sidan.

I Noreg har det gått treigare, men i 2018 fekk politiet 4 millionar kroner til å opprette to einingar mot dyrevelferds-kriminalitet.

Den eine i Vest politidistrikt.

I tildelingsbrevet frå Justis- og beredskapsdepartementet vart det ikkje gitt føringar på kor mange tilsette det skulle vere. Tre år seinare sit jurist Inger Helene Stenevik heilt åleine på kontoret i Florø.

Ein av kollegaene har flytta til Bergen, og ein annan har slutta utan å bli erstatta.

– Eg merkar godt at dei ikkje er her, seier Stenevik.

– Vi kjem ikkje i mål, og det blir harde prioriteringar.

Det er politimeisteren som tilset medarbeidarar i dei ulike distrikta, og politiinspektør Frode Karlsen kan ikkje love noko.

– Slik som situasjonen er i dag så er ikkje ei ytterlegare satsing på dyrevelferdskriminalitet det som har høgast prioritet, seier han.

Politi

POLITISK ØNSKE: I Jeløy- og Granavoldplattformen ligg følgjande formulering inne: «Forsterke satsinga på god dyrevelferd, medrekna gradvis innføring av dyrepoliti i alle landets fylke».

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politisk trykk bak opprettinga

Politidirektoratet var i utgangspunktet skeptisk til dyrepolitiet.

– Dette området er ikkje så spesielt at det krev ein eigen type politi, sa avdelingsdirektør Knut Smedsrud i Politidirektoratet i 2013.

Til gjengjeld var det politisk trykk bak opprettinga. Til saman sikra firkløveret Frp, Høgre, KrF og Venstre stortingsfleirtal for prøveordninga.

I Jeløy- og Granavoldplattformen ligg følgjande formulering inne: «Forsterke satsinga på god dyrevelferd, medrekna gradvis innføring av dyrepoliti i alle fylka.»

– Det vi ser i Florø er ikkje godt nok, seier Alfred Bjørlo, som er påtroppande stortingsrepresentant for Venstre.

Han seier innføringa av dyrepoliti so langt har ført til gode resultat, og legg til at «evalueringa etter tre år med dyrepoliti i Trøndelag også var veldig positiv».

I statsbudsjettet for 2021 er det løyva 18 millionar kroner til arbeid mot dyrekriminalitet.

Tolv av millionane skal gå til politidistrikta, medan Mattilsynet får dei siste seks.

I løpet av året skal alle distrikt i politiet ha eit eige dyrepoliti.

Politibil

SKEPSIS: – Eg forstår skepsisen i politiet til å øyremerke bestemte summar til éin kriminalitetstype, det avgrensar politimeisteren sitt handlingsrom litt, seier Anna Molberg (H).

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Full tillit til politidistriktet

Anna Molberg er påtroppande stortingsrepresentant for Høgre.

– Eg forstår skepsisen til å øyremerke bestemte summar til éin kriminalitetstype, det avgrensar handlingsrommet til politimeisteren litt, seier ho.

Ho legg til:

– Samtidig har alle politidistrikt fått fleire tilsette og pengar øyremerka dyrepoliti av den avtroppande regjeringa.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland sa før jul at ho har «full tillit til at politidistriktet disponerer ressursane dei har til rådigheit i tråd med dei politiske føringar som er gitt.»

Bakgrunnen var eit skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant for Silje Hjemdal (Frp), som spurte kva «justisministeren vil gjere for å sikre satsinga på eit eige dyrepoliti?»

Politidirektoratet med ny instruks

– Ordninga i Florø fungerer ikkje etter det vi har oppfatta som intensjonen til regjeringa, seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen.

Ho legg til:

– I praksis har politileiinga motarbeida prosjektet ved å dele opp fagmiljøet og fjerne ressursar.

Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Noreg presiserer at ho ikkje har detaljkjennskap om situasjonen i Florø.

– Men vi er glade for at dei har knytt til seg menneske med god kompetanse. Vi håper dei tilsette får ro og arbeidsvilkår til å utføre dei oppgåvene dei er sett til å gjere, seier ho.

I oktober 2020 ferdigstilte Politidirektoratet ein revidert instruks for «miljøfeltet». Instruksen gir føringar for arbeid med mellom anna dyrevelferdskriminalitet.

Karianne Muri ved Veterinærhøgskolen meiner dyrepolitiet kan avdekke langt meir enn berre vald mot dyr.

– Utøvast det vald mot dyr i ei familie, er det ei auka risiko for vald mot andre i familien, seier ho.

Politiets Fellesforbund

POLITISK ØNSKE: I Jeløy- og Granavoldplattformen ligg følgjande formulering inne: «Forsterke satsinga på god dyrevelferd, medrekna gradvis innføring av dyrepoliti i alle landets fylke».

Foto: Vidar Ruud / NTB
Mist frisk
Katt med augebetennelse

MIST: Dette er katten Mist. Ho hadde augebetennelse, midd i øyra og makk i magen då ho fekk komme inn til Beate Green. Etter behandling har ho no komme seg betrakteleg.