Hopp til innhold

Ingen omkamp om ortopedien

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete er krystallklar: Ortopedivedtaket er fatta og endeleg.

Liv Signe Navarsete på Nordfjordeid

INGEN OMKAMP: Liv Signe Navarsete vil ikkje kommentere nedlegginga av ortopedien i Eid, men seier vedtaket er fatta og endeleg.

Foto: NRK

Medan krefter i Nordfjord står klar til å ta ein omkamp om ortopeditilbodet si framtid, seier partileiaren at noko omkamp er uaktuelt.

– Eg meiner at vi no har lagt på plass viktige vedtak som gir mulighet til å byggje eit godt tilbod til folk i Nordfjord, ikkje minst etter at vi fekk anestesien på plass slik at vi fekk eit fullverdig akutttilbod, seier ho.

– Sjå framover

Stortinget sa nyleg ja til å oppretthalde anestesitilbodet som del av det medisinske akuttilbodet .

Navarsete vil ikkje kommentere Helse Førde si framskunding av ortopediavviklinga , men meiner ein no må sjå framover.

– Å begynne nye rundar no trur eg vil føre til meir uro og det er det siste vi treng no. Det vi treng, er å samle oss kring det som er, at vi gjer ein jobb sentralt, at vi får gjort noko med økonomien, som at Helse Førde må få ei handsrekning til slik at ikkje må byrje i andre endan att og kutte. Då er ein like langt. Det må vere pengar også som gjer at ein får dekka opp det ein treng, seier ho.