Turistar frå heile verda kjem for å oppleve togturen på verdas brattaste jernbane. Flåmsbana er ein av dei store turistmagnetane i Norge.
Driftssjef i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, seier allereie no at dette blir ein rekordsesong.
– Vi kjem til å ende på om lag 630 000 passasjerar i år, seier han til NRK.no.
Liten nedgang i august
Tala for august viser 150 282 reisande, ein nedgang på tre prosent frå i fjor. Bakk er likevel nøgd med augusttala.
Talet på gruppereisande har halde seg stabilt og cruisetrafikken har auka. Det er dei individuelle passasjerane det har blitt færre av.
– Ei av årsakene kan vere den seine opninga av Rallarvegen. Det låg lenge snø på deler av vegen. I tillegg er det nok færre turistar i Norge, så vi merkar nok finanskrisa, seier han.
2011 var det hittil beste året med rett over 618 000 reisande på den spektakulære togturen frå Flåm til Myrdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
God start på sesongen
Det er asiatar og russar som utgjer den største gruppa når det gjeld bussgrupper. Frå cruiseskipa er det mest tyskarar og engelskmenn.
Så langt i år har 559 377 personar reist med Flåmsbana. April og mai var veldig gode månader, det same var juni. I september reknar han med over 50 000 reisande.
– Det er i juli og august vi har hatt ein liten nedgang, seier han.
Bakk trur likevel på årsrekord, noko som skuldast god start på sesongen. Det har vore fleire og større cruiseskip.
– Særleg i mai var det ein veldig auke i cruisetrafikken, den var på 25 prosent, seier Bakk.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: