Hopp til innhold

Ikkje ruspost før hausten 2012

- Det er Molbo-politikk at rusposten på Eid kanskje ikkje er i drift før i 2013, seier dei rusavhengige sin organisasjon.

Ny ruspost står ubrukt

NY OG TOM: Rusposten på Eid er ferdig bygd, men har aldri hjelpt ein einaste pasient.

Foto: Nyhetsspiller

- Eg beklagar, men eg er berre heilt mållaus. Dette er ein skandale, seier Line Eikenes i RIO, dei rusavhengige sin intresseorganisasjon, når ho får høyra kor lang tid deg vil ta før den ferdig bygde rusposten på Eid tidlegast kan takast i bruk.

- Det aller, aller tidlegaste eg kan tenke meg at ein kan begynne å bemanne til ein ruspost på Eid er hausten 2012, kanskje ikkje før i 2013, seier seier direktør for psykiatrisk klinikk, Ole Christian Reuch.

Ny, moderne og heilt tom


Det topp moderne rustilbodet på Nordfjordeid til 23 millionar kroner stod klar til bruk for halvanna år sidan, men ingen har så langt fått hjelp ved posten. Helse Førde har nemleg ikkje hatt råd til dei årlege driftsutgiftene.

Signala frå leiinga i helseføretaket har vore at tilbodet vil kome igang, når innsparingspakken, som mellom anna inneber nedlegging av fødetilbodet i Eid og Lærdal, er innført.

Molbo-politikk

Men no kjem det fram at sjølv om helseministeren skulle velsigne innsparinga, vil det likevel ta nærare to år å få drift ved posten.

- Eg tykkjer dette er heilt skandaløst. Dette er eit godt eksempel på Molbo-politikken rusavhengige blir utsette for. Først investerer ein masse pengar, så stoppar det opp og så får ein ikkje hjelp likevel. Og vi har ein masse mennesker, tusenvis, som står i kø for å få behandling i Norge.

Må planlegge først


Sjølv om pengane kjem på plass, vil planlegging og tilsetting av personell ta mykje tid, seier Reuch.

- Når vi får eit vedtak må det lagast ein gjennomføringsplan., ein strategi for gjennomføringa av dei tiltaka som skal til.