Hopp til innhold

Har nybygg - ikkje pengar til drift

Den nye rusposten til 23 millionar kroner på Nordfjordeid stod klar for to månader sidan. Men nybygget er framleis tomt: Helse Førde har ikkje pengar til å gje rusavhengige behandling der.

Nordfjord psykiatrisenter

NY AVDELING: Den nye rusposten har kosta 23 millionar, men er framleis ikkje teken i bruk.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Det er veldig mange fortvilte ruspasientar i fylket. I tillegg er det veldig mange fortvilte pårørande. Det er lange ventelister, og vi har ikkje godt nok behandlingstilbod i eige fylke, så dei må ofte reise til andre delar av landet, seier psykiater Petter Bugge.

- Det er synd på dei. Dei rusavhengige er kanskje den gruppa som er mest forsømd i fylket, seier han.

Har ikkje pengar til drift

Det er eit stort behov for fleire behandlingsplassar for unge rusmisbrukarar i Sogn og Fjordane, og Helse Førde har brukt 23 millionar kroner på ein ny ruspost som stod klar på Nordfjordeid for to månader sidan.

Men: Helse Førde har sagt nei til å setje av pengar til drift.

Eigentleg skulle ti rusavhengige ha vore til behandling på Nordfjordeid - men nybygget står framleis tomt.

- Brenner etter å komme i gang

- Det er eit trist syn. Det er flotte areal som står tomme, seier Petter Bugge.

Han viser NRK det nye behandlingsrommet, der han no skulle ha vore i full sving med å kartleggje pasientane sine problem og hjelpt dei vidare i livet.

Planen var at det skulle vere ti pasientar på rusposten. Det skulle vere 20 miljøarbeidarar, to legar, ein psykolog og ein sosionom tilsett. Det årlege driftsbudsjettet var sett til 18 millionar kroner.

- Vi brenner etter å komme i gang, seier psykiateren.

- Brei semje i styret

Styreleiar Clara Øberg i Helse skulle gjerne ha opna rusposten, men seier det ikkje finst midlar. Ho vedgår at det heile er veldig leit.

- Eg er fullstendig samd med Petter Bugge. Det er veldig trasig at vi ikkje har midlar til å få opna avdelinga i 2010. Men no står vi framfor eit stort strategiarbeid, og så får vi sjå kva vi får ut av det. Eg har store forventingar, seier Øberg.

- Men viser ikkje dette at det er dårleg planlegging i Helse Førde?

- Nei. Vi hadde ikkje driftsmidlar då vi starta bygginga heller. Men det var stor vilje i styret til å få det til. Og i strategiarbeidet er nettopp eitt av måla å få frigitt midlar til å drifte slikt som rusposten på Nordfjordeid. Så det er ikkje dårleg strategiarbeid - heller tvert om. Vi har mål og meining med det vi gjer. Og det er brei semje om rusposten i styret, seier Øberg.

Målet til Helse Førde er å komme i posisjon til å setje av pengar til drifta. Styret jobbar med å frigjere midlar til nye investeringar.