Hopp til innhold

Ikkje pengar til skiskyttarline i Stryn

Ordførar i Stryn, Sven Flo, ser ikkje kampen for skiskyttarlina som endeleg tapt. Fylkeskommunen har på vegner av Stryn Vidaregåande søkt om å få etablere ei landsline i Skiskyting ved skulen, men like før jul blei det klart at Kunnskapsdepartementet ikkje stiller med pengar til ei slik line i 2015.

Stryn vidaregåande skule

IKKJE PENGAR: Stryn vidaregåande får ikkje pengar til å starte landsline for skiskyting i 2015.

Foto: Arne Vik / NRK

– Det er klart eg er skuffa. Vi har jo hatt ein dialog med statsråden, vi har vore på møter og vi har hatt med oss støtte frå miljøet. Vi er skuffa, men vi kjenner oss likevel ikkje ferdige med saka enno, seier Flo.

Rektor Kirsti Horne, Stryn vidaregåande skule

IKKJE SKISKYTTARLINE I 2015: Kirsti Horne er rektor ved Stryn vidaregåande skule.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylket stilte seg bak søknaden frå Stryn om å få landsline i skiskyting, men like før jul, nærare bestemt 12. desember kom svaret frå departementet.

– Der står det at det ikkje blir løyvd midlar til skiskyttarlina i 2015, seier rektor Kirsti Horne.

– Det betyr tommelen ned for planane om landsline i skiskyting i Stryn?

– Ja skal vi tolke brevet som Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått, så er det i alle fall ikkje nokon tommel opp for inneverande budsjettår.

Uroa for skiskyttarmiljøet

I Stryn fryktar ordføraren at det gode skiskyttarmiljøet dei har klart å bygget skal forvitre om ein ikkje får på plass eit vidaregåande utdanningstilbod.

– Eg meiner ei landsline i skiskyting er heilt avgjerande. Alternativet trur eg blir at mange fell ifrå fordi dei ikkje ynskjer å å reise ut av fylket for å drive sporten sin samstundes som ein går på vidaregåande skule.

Han trur at mange unge vil velje andre utdanningsalternativ, og droppe ut av sporten.

– Det meiner eg vil vere svært skadeleg med tanke på rekruttering i framtida.

Gir ikkje opp kampen

Sven Flo

SKUFFA ORDFØRAR: Ordførar Sven Flo (H) er skuffa, men vi ikkje gi opp kampen for få ei landsline i skiskyting til Stryn

Foto: Trond Vestre / NRK

Sjølv om tilbakemeldinga frå Kunnskapsdepartementet så langt har vore negativ, vil ikkje ordførar Sven Flo gi opp kampen.

Han syner til at ein i dag har eit godt skiskyttarmiljøet i fylket, med gode lærekrefter og anleggsfasilitetar.

– Det er viktig no at vi ikkje mister dette miljøet. Det som vi vil gjere vidare no er å vere i dialog med statsråden, og på nyåret tar vi eit nytt initiativ til eit møte. Då vil vi ta opp at dette er noko vi er nøydde til å få til.