Akkurat i dag er 120 lærarar samla til kurs i Loen, og rektor Mia Alme ved Gaupne barneskule er redd dei må avvikle tilbodet om forslaget blir ståande.
Det handlar om trivsel og glede for fleire tusen elevar i grunnskulen. Dersom forslaget til statsbudsjett blir vedtatt blir 50.000 born og unge direkte råka. Seks fylkeskommunar i landet er med på prosjektet og det har vore svært stor rift om å delta. Skulemiljøet har alt å seie for borna si læring, og dette banebrytande prosjektet skal fremje positive og kreative læringsmiljø.
Dette handlar om estetiske fag som musikk, drama og bildekunst, og som er krydderet i kvardagen. I dag er 120 lærarar frå Sogn og Fjordane samla til kurs om temaet. Dei er skikkeleg uroa over at regjeringa vil fjerne desse 7,3 millionane.
Alme reagerer med vantru, og meiner regjeringa berre prioriterer fag som direkte kan målast, slik som naturfag og matematikk
Rektoren frå Gaupne har over 30 års erfaring frå skulen og seier dei alt no ser resultatet. Dette har ført til mykje samarbeid på tvers av klassar, skular, og kommunar.
I Sogn og Fjordane byrjar kursaktiviteten å nærme seg slutten, og lærarane har lært mykje. Dei har att ei samling der dei skal drøfte korleis dei skal vidareføre det dei har lært. Og viss dei ikkje får pengar til det, har dei problem med å vidareføre prosjektet.