Skrede fryktar konsekvensane, og seier det er ei stor skam. For no går regjeringa mot det dei lova tidlegare - nemleg å bruke 200-300 millionar kroner på å marknadsføre Norge i utlandet. Dette for å snu den fallande interessa for Norge. Men no blir det enno verre. Skrede fryktar at det som vert marknadsført blir tilfeldig, og berre dei store attraksjonane i landet, som til dømes Hurtigruta.
Og då vil alle turistane dra rett forbi Sogn og Fjordane, og ein vil raskt sjå konsekvensen i distrikta. Vi får mindre utanlandske gjestar på hotell og campingplassar, mindre omsetnad og verdiskaping og færre arbeidsplassar, meiner Skrede.
Og den som måtte meine at Norge og distrikta byr på så mykje unik natur og opplevingar at det sel seg sjølv tek feil. Norge er ikkje den einaste staden med fin natur, så konkurransen er stor. Og når Norge i tillegg ligg i utkanten av Europa, må ein kjempe for kvar turist, seier Skrede.
Statssekretær i Nærings- og Handelsdepartementet, Helle Hammer, seier Regjeringa ikkje fann plass til ein slik plan i forslaget til statsbudsjett. Årsaka er at vi må ha eit stramt budsjett for å ha ein stabil økonomi, seier ho.