Skulesjef kritiserer KrF-utspel Stortingsrepresentant for KrF, Magne Aarøen, vert kritisert av skulesjefen i Førde, Helge Sæterdal. Stortingspolitikarane skryt av den store barnehagesatsinga, medan kommunane må skru opp prisane.
-Norge vert ikkje marknadsført -Regjeringa øydelegg for turistnæringa. Det meiner styreleiar i Sogn og Fjordane Reiselivsråd, Jens Christian Skrede. I forslaget til statsbudsjett har regjeringa nemleg kutta tilskota til marknadsføring av merkevara Norge i utlandet.
Slutt på norskopplæring Regjeringa vil ikkje gje asylsøkarar utan opphaldsløyve norskopplæring. I framlegget til statsbudsjett er det lagt opp til at asylsøkjarane ikkje skal få undervisning før dei har fått opphaldsløyve - noko som kan ta over eit år.
Nektar å kommentere Ingen i fiskeridepartementet vil kommentere påstandane frå avdelingssjef Arnold Jacobsen i Kystverket om faktiske feil og merkeleg bruk av informasjon i omtalen av Stad Skipstunnel i statsbudsjettet.
Ikkje pengar til positivt skulemilj 7,3 millionar kroner til blant anna "Positivt skulemiljø" er fjerna frå statsbudsjettet. I over to år har prosjektet pågått i Sogn og Fjordane og fem andre fylke.
Lite nynorsk Noregs Mållag og Norsk Målungdom fryktar at forslaget til statsbudsjett undergrev nynorsken.
Vern av Aurland Aurland kommune er nominert til Vestnorsk Fjordlandskap som eit ledd i regjeringa si satsing på kulturminner. Det vart klart i forslag til statsbudsjett i går.
UWC skuffa United World CollegeUnited World College i Fjaler manglar 1,5 millioner kroner etter at forslaget til statsbudsjett vart lagt fram i går, trass i at utgiftsnivået ikkje er urimeleg høgt ved skulen.
Misnøgd opposisjon Reidar Sandal likar ikkje kutta som råkar kommunane.Opposisjonen i fylket er ikkje nådig i sin karakteristikk av statsbudsjettet som vart lagt fram i dag.