-Vi må rekne med at det blir stadige vekslingar i kva mannskap vi kan stille til kamp, seier Sogndal 2-trenar Jan Tore Jaastad.
Rekrutteringslag
Laget han leier er på ingen måte bygda sin stoltheit, men snarare eit rekrutteringsgrunnlag for det som er det store målet til alle spelarane hans; Sogndal i tippeligaen.
Sogndal 2 er laget som kan kome til å stille med eit knallsterkt lag i ein kamp, for å så å vere ribba til neste - alt etter kva spelarar dei får "låne" frå tippeligaen. Det er også bakgrunnen for at NRK Sogn og Fjordane sitt fotballpanel tippar dei på 6. plass.
Stig Nord er talentutviklar for fotballforbundet.
Grunnstammen for ung
-Her er det mykje spennande, men grunnstammen i laget blir for ung, seier Stig Nord, talentutviklar for fotballforbundet.
Sportsjournalist i Firda, Stig Roger Eide, meiner også det manglande trøkket rundt Sogndal 2 sine kampar kan bli avgjerande. -Dei har ingen klar heimebanefordel slik som andre, og det er klart det er rart for unge, ambisiøse fotballspelarar å oppleve at dei er "second hand", seier Eide.
Vil prøve seg i tippeligaen
Spelarar som Kim Tangedal, Vegar Fardal Nes og Aleksander Breidvik er i dag blant toppane i Sogndal 2-troppen. Desse og fleire til vil nokså sikkert få prøve seg i tippeligaen utover. I tillegg vil dei tippeligaspelarane som er lengst frå startellevaren spele jamleg i 3. divisjon, men det spørst om det er nok til å heve laget over 6. plassen.
-Vi skal jo alltid satse på å vinne, men eg må nok innrømme det; Tipset om 6. plass høyrest ikkje heilt på jordet ut, seier Jaastad.