Hopp til innhold

Ikkje lenger farevarsel for skogbrann

Dei siste par dagane har det kome ein del nedbør i Vestland, som gjer at det ikkje lenger er farevarsel for gras- og lyngbrann i området. Derimot er det sendt ut gult farevarsel for flaumfare i fjellområda i Vestland. Årsaka er snøsmeltinga, som vil føre til spesielt stor vassføring i forhold til kva som er normalt for årstida, melder Meteorologisk institutt.