Det er ikkje til å forstå, seier Odd Arne Fodnes, som er leiar i Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag. Det er vel eineståande at ein aksjonær som eig 44 % ikkje gidd å ha ein representant i styret, seier han.
Men om dei partia som sit i regjeringa ville ha brukt eventuelle styreverv i Hydro til å påverke ei modernisering i Årdal og Høyanger, er ei heilt anna sak. Odd Arne Fodnes har ikkje overdriven tru på det. Med den innstillinga leiande Høgrepolitikarar har hatt i denne saka, ville det kanskje ikkje gjort så mykje frå eller til om dei sat i Hydro-styret, seier Fodnes.