Hopp til innhold

Ikkje fleirtal for å stanse sjukehuskutt – men sikre «fagleg tilbod»

Senterpartiet fekk ikkje fleirtal i Stortinget om at regjeringa skal stanse kuttplanane ved sjukehusa i Nordfjord og Sogn.

Frp, SV, Rødt, KrF og Venstre støtta forslaget. Det fell med éin stemme.

MDG fekk likevel fleirtal for eit anna forslag om Helse Førde:

«Stortinget ber regjeringa sikre at endringar i tenestetilbodet ved Lærdal og Nordfjord sjukehus vil gje eit minst like godt fagleg tilbod på tenestestadane i Sogn og Nordfjord som i dag.»

Det var Marius Langballe Dalin frå Sogn og Fjordane som fremma forslaget. Med forslaget ønsker han å sikre at lokalsjukehusa ikkje blir utmagra, men han vil ikkje sementere dagens tilbod.

– Eg jo lege sjølv og ser nokon mogelegheiter for å lage eit tilbod som er meir fornuftig. Vi har satsa for mykje på tenester som ein berre treng ein sjeldan gong, og for lite på tenester ein treng ofte, seier han.

en person som holder en baby

«Super-tilbod» for nybakte mødrer kan forsvinne

Det «råflotte» tilbodet for nybakte mødrer blir hylla av fagfolk. No kan det bli lagt ned.