Ikkje-binære Jeanett vil ikkje betale for «dameklipp»

Likestillingsombodet vil ha slutt på ulike prisar for «herre-» og «dameklipp». Frisørkjede varslar at dei droppar praksisen.

Jeanett Ljostveit

MÅ BETALE «DAMEPRIS»: Sjølv om Jeanett ikkje identifiserer seg som ei kvinne, og har ein kort klipp, må ho ofte betale for ein såkalla «kvinneklipp».

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

– Det bør vere slik at menn, kvinner og andre kjønn betalar for den frisyren dei vil ha, ikkje kva kjønn dei har, seier Jeanett Ljostveit.

Jeanett definerer seg som ikkje-binær, men vel å bruke pronomenet «ho» om seg sjølv, .

Ikkje-binær er ein samlenemning for personar som identifiserer seg som verken mann eller kvinne.

Jeanett har det ho sjølv karakteriserer som ein «maskulin klipp», men må likevel betale for «dameklipp» hos frisøren.

– Det er jo ikkje sånn at brød kostar 29 kroner for menn og 42 kroner for kvinner. Kvifor skjer det framleis i frisørbransjen? spør ho.

Med emneknaggen #frisøroppgjør, ynskjer ho å skape ei endring i bransjen.

Jeanett Ljostveit

KORTKLIPT: Jeanett likar å ha ein kortare hårklipp enn sambuaren sin. Han liker å ha ein lengre hårklipp.

Foto: Jeanett Ljostveit

Praksisen med «dame- og herreklipp» går inn i ein stadig meir omfattande debatt om identitet og kjønn.

NRK har tidlegare skrive om Kristiansand kommune som fjerna dame- og herreskilta på toaletta i rådhuset «for å inkludere alle kjønnsidentitetar».

– For å vise at alle er velkomne og blir verdsett, forklarte mangfoldskoordinator i kommunen, Toril Hogstad.

Det finnes tusen måter å definere kjønn og legning på. Alt er lov! Gisle heier på mangfold, og prøver å sette seg inn i...

Posted by NRK P3 on Monday, October 2, 2017

Ikkje lov med kjønnsdelte prisar

– I utgangspunktet er praksisen med herre- og damklipp ikkje lovleg, seier Shorish Azari.

Han er rådgivar i Likestillings- og diskrimineringsombodet, og viser til Diskrimineringslova paragraf 6, som seier at det er forbode å diskriminere blant anna på grunn av kjønn.

Årleg mottar ombodet fleire meldingar frå folk som reagerer på at dei må betale dameklipp sjølv om dei har kort hår.

– Dessverre er det framleis mange frisørar som har kjønnsdelte prisar, seier Azari.

Kristin Blytt er administrerande direktør i frisørkjeda Ramsvik.

– Det er pinleg at vi framleis har kjønnsdelte prisar, seier ho.

Til NRK seier ho at det er historisk årsaker til praksisen, men at dei kuttar han ut frå 1. desember.

– Dette stammar nok frå at det historisk sett har tatt lengre tid å klippe kvinner enn menn.

#frisøroppgjør

Jeanett starta emneknaggen #frisøroppgjør etter å ha delt frustrasjonen med andre ikke-binære eller transkjønna personer.

@jeanettljostveit

Ein av frisørane Jeanett såg hadde kjønnsdelte prisar. @jeanettljostveit

@jeanettljostveit

Eit anna døme på ein frisør Jeanette såg hadde kjønnsdelte prisar. @jeanettljostveit

@jeanettljostveit

@jeanettljostveit

@jeanettljostveit

#frisøroppgjeret vil ha meir av dette. @jeanettljostveit

@jeanettljostveit

@jeanettljostveit

– Ein gamaldags praksis

– Hår er hår, seier Eirik Thorsen, som er kreativ leder i frisørkjeda Adam og Eva.

Han seier det er «gamaldags» med kjønnsdelte prisar, og at dei aldri har praktisert noko skilje.

– Om hårklippen hos oss blir utført på ei kvinne, ein mann eller hen, er akkurat det same for oss.

Eirik Thorsen

HÅPER KOLLEGAER FØLGJER ETTER: Kreativ leiar i Adam og Eva håper at fleire kollegaer i bransjen endrar prissystemet.

Foto: Odd Skjerdal / NRK