Karpe Diem har framleis stormen frisk i minnet, og då dei fekk spørsmål frå Målrock-arrangørane om å kome attende i år, var dei ikkje i tvil.
– I fjor sat vi på hotellet og trippa i håp om å få spelt. Vi var allereie innstilt på å spele i Årdal då vi fekk spørsmålet om å kome attende, seier Chirag.
Siste gong
Karpe Diem har turnert med albumet «Kors på halsen, ti kniver i hjartet, mor og far i døden» i tre år, men no er det slutt.
– Mange av desse låtane er det siste gang vi spelar, fortalde dei til publikum fredag kveld.
No er dei i gang med nytt album, og resten av året vert brukt til innspeling i studio. I tillegg har fleire i bandet vorte fedrar, og Chirag annonserte frå scena at Magdi har blitt far til tvillingar.
Reaksjonen frå publikum var øyredøyvande, og det såg ut til at publikum godtok at det no vart litt stille rundt Karpe Diem i ei tid framover.
Fish også attende
Det var fleire band som ikkje fekk spelt i fjor då Målrock måtte avlyse eit par timar ut i den vindfulle laurdagskvelden. Skotske Fish (Derek William Dick, journ. mrk), også kjend som vokalist i Marillion på 80-talet, fekk og oppleve kor øydeleggjande naturkreftene kan vere.
På torsdag framførte han heile Marillion-plata ”Misplaced Childhood” frå 1985, til stor glede for publikum. I overkant av 1000 personar var inne på festivalområdet under konserten som vara i to timar.
Naturkreftene var ikkje usynlege i år heller, men publikum gav blaffen i det kraftige regnvêret som var denne kvelden. Fish var i storform og gav folkemengda ei sjeldan oppleving, og mest sannsynleg vart desse låtane spelt live for siste gong.
Ingrid Nordbye-Antonsen
sf@nrk.no