Etter at Bergen hadde mangla ein real utandørs sommarfestival flytta Bergenfest i fjor ut frå klubbscenane og til uteområdet på Bergenhus festning.
Frank Nes i Bergen Live som står bak festivalen meiner festivalen har greidd å posisjonera seg i blant norske bynære sommarfestivalar.
– Dette er jo berre andre året etter at me flytta ut, men ut frå billettsalet er det ingen tvil om at me har greidd å posisjonera oss.
Allereie ein publikumssuksess
For første gong, sidan forløparen Ole Blues såg dagens lys i 1993, har festivalen greidd å nå budsjettmåla om selde billettar allereie før festivalen startar.
– Dei aller færraste festivalar når budsjettet sitt før festivalen startar. Mellom 30 og 50 prosent av billettane til slike festivalar vert som regel seld under festivalen. Så dette er me veldig glade for, seier Nes.
21000 billettar er seld av ein total kapasitet på 25300.
Først ut
Bergenfest er først ut av dei store byfestivalane denne sommaren. I tida framover kan festivalpublikummet mellom anna gleda seg til Norwegian wood i Frognerbadet i Oslo, Hovefestivalen i Arendal, Odderøya LIVE i Kristiansand, Slottsfjellfestivalen i Tønsberg, Bukta i Tromsø, Øyafestivalen i Oslo og Pstereo i Trondheim.
Klokka 20.30 er Mark Knopfler mannen som startar festivalsommaren på Bergenfest, dagen før Norwegian wood er i gang i Frognerbadet.
Mellom artistane som skal i aksjon er Nick Cave & The Bad Seeds, Band of Horses, Real Ones, Mew, John Grant, Dig Deeper, Steve Earle & The Dukes, Susanne og Sundfør.
Sjå resten av programmet her.
Skotsk favoritt
Sjølv gler festivalsjefen seg aller mest til den skotske trioen Biffy Claro, som berre skal gjera ein annan festivaljobb i Noreg denne sommaren.
– Eg er veldig kry over å ha fått dei til Bergen. I tillegg gler eg meg veldig til å høyra John Murry, ein relativt ukjend artist som står bak ei heilt fantastisk plate, seier Nes.
– Vil ta tid
Sjølv om billettsalet har vore bra for Bergenfest, er Frank Nes klar på at det vil ta tid å for alvor plassera festivalen på kartet blant meir etablerte utefestivalar.
– Det vil ta tid, festivalar er ei ustabil greie. Men me jobbar no ut ifrå ein plan på rundt fem år. Men me har fått mange tilbakemeldingar på at folk er glade for at Bergen har fått sin utandørsfestival, seier Nes.