Hopp til innhold

Politiet trudde dei rykte ut til innbrot - fann depot

Politiet dreiv klappjakt på gjerningsmennene etter innbrotet på Biltema i Førde for halvanna år sidan. I dag må ein rumenar i 20-åra svare for dette – og ei lang rekkje andre innbrot på Vestlandet.

Depot i bergensområdet

DEPOT: Slik fann politiet tjuvegodset stabla i eit ubebudd hus i bergensområdet.

Foto: Politiet

Tiltalen mot dei tre rumenarane tel 35 lovbrot frå 17. oktober til 12. november 2014.

Kristin Harstad, jourhavande politijurist

ADVOKAT: Kristin Harstad kravde fengsel i tre år og to månader for den første av rumenarane som vart pågripne etter Biltema-innbrotet i 2014.

Foto: Kristin Harstad / NRK

– Dei har teke seg inn i verksemder og butikkar, og har gjort store øydeleggingar slik at det er snakk om erstatningskrav på kring 1,4 millionar kroner, fortel politiadvokat Kristin Harstad ved Hordaland politidistrikt.

Erkjenner det meste

I fjor haust forklarte 29 vitne seg då den første av tre rumenarar vart dømd til fengsel i to år og ti månader for innbrotsraidet. Ein er framleis på frifot og er etterlyst internasjonalt.

Tredjemann, som i dag møter i Bergen tingrett, kan bu seg på kortare straff enn makkeren.

Innbrotstjuvar tek seg inn på Biltema.

BILTEMA: Slik såg det ut då mennene tok seg inn på Biltema i Førde. Dei fekk ikkje med seg noko av verdi, men gjorde skade for kring 10 000 kroner.

– I utgangspunktet held vi oss på same nivå, men han har erkjent dei aller fleste forhold. Om vi kan føre færre vitne, så skal han ha rabatt for at vi sparer tid i retten. I tillegg skal han ha strafferabatt for dei forhold han har erkjent, seier Harstad.

Fann depot

Like før hovudforhandlinga av den første saka i fjor haust, fann politiet det dei meiner var depotet til mennene.

– Vi fekk melding om knust rute og mogleg innbrot i eit ikkje-busett hus i bergensområdet. Då politiet kom fram fann vi i all hovudsak verktøy og tobakksvarer som vi meiner kjem frå nokre av innbrota, seier Harstad.

Innbrot Biltema

INNBROT: Mennene fjerna ei rute då dei fem dagar før pågripinga tok seg inn i Biltema i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet fann også tjuvegods på ei hytte mennene disponerte. Det er ikkje alt av tjuvegodset som har kome til rette. Politiet kan ikkje bevise at mennene høyrer til eit større nettverk.

Tok buss frå Førde

Politiet har ikkje summert opp kor store verdiar dei to totalt sett har fått med seg frå innbrota. Tiltalen omhandlar over 230 000 kroner i kontantar, samt fleire bilar, kjennemerke, verktøy og syklar. I tillegg til skadeverk.

Berre få dagar før pågripinga, jakta politiet i Sunnfjord på mennene etter innbrotet på Biltema.

Depot i bergensområdet

MYKJE: Politiet fann hovudsakleg verktøy og tobakk i depotet. – I tillegg fann vi mindre mengde tjuvegods i bilane dei stal, samt verktøy, kontantar og tobakk i hytta dei disponerte, seier Harstad.

Foto: Politiet

– Dei sette frå seg bilen dei kom med, tok to syklar og sykla til ein busstopp. Derifrå tok dei bussen tilbake til Bergen, fortel Harstad.

– Ikkje tilfeldig

Mannen som i fjor vart dømd, vart funnen skuldig i 33 lovbrot. Han vart frifunnen for tre. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 347 dagar i varetekt.

Mennene hevdar dei kom til Norge for å finne jobb, men vedgjekk å ha gjort lite for å få det. Retten støtta seg til at innbrota var planlagde.

– Utskrift av teledata viser at gjerningsmennene i fleire tilfelle har vore i same område som dei straffbare forhold nokre dagar før handlingane, skriv tingrettsdommar Svein Opdahl.