Hopp til innhold

I dag byrjar han på skulen

Politiet vil ikkje gripe inn - sjølv om Simon (9) oppheld seg utanfor kyrkja.

Simon og faren Fkade Thaye

KLAR FOR SKULEN: Ni år gamle Simon er i dag tilbake i den gamle klassen sin på Torvmyrane skule i Florø. Han og faren sit no i kyrkjeasyl i kystbyen.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Sist onsdag tok ni år gamle Simon og faren hans, Fkade Thaye, seg inn i landet igjen, etter at dei i september vart utviste frå Norge. No sit begge i kyrkjeasyl i Florø.

  • LES MEIR:

Gjensyn med klassen

I dag skal ni-åringen byrje på skulen, og dermed får han sjå att klassen han forlet i september. Torvmyrane skule i Florø har nemleg gjort klart for at Simon kan byrje hos dei.

Ifølgje politiet er det ikkje aktuelt å gripe inn, trass i at Simon og faren er utviste frå Norge.

- Det er faren som vaksen person som er vårt fokus her. Vi vil ikkje hindre sonen i å gå på skulen, seier politiinspektør Ronny Iden til NRK.

Glad for å vere tilbake

Saka til Simon frå Eritrea har vekt sterke kjensler i Florø. Niåringen og faren hans fekk tidlegare i år avslag på søknaden om opphald i Norge, og vart i september send tilbake til Italia, der dei var før dei kom til Norge.

Etter å ha budd i Florø i 18 månader, budde dei i Italia under open himmel i ein park.

Simon sjølv er no glad for å kunne få vere med klassekameratane sine igjen.

- Det er veldig bra. Eg er ni år, og treng å gå på skulen, seier han.

- Har rett til opplæring

Ved Torvmyrane skule ønskjer leiinga ikkje å meine noko om at Simon er ulovleg i Norge.

I staden tek dei imot niåringen med opne armar.

- Reglane er slik at han har rett til opplæring, og det vil vi gje han. Han er hjarteleg velkommen tilbake på skulen, seier inspektør Øyvind Østrem.