Hopp til innhold

Politiet grip ikkje inn i Simon-sak

Så lenge Simon og faren hans sit i kyrkjeasyl vil ikkje politiet pågripe dei og sende dei ut av landet.

Johan Brekke

Politimeister Johan Brekke vil ikkje gripe inn i kyrkjeasylsaka. Han vil no ta kontakt med UNE og UDI for å diskutere kva som vil skje frammover. Arkivfoto

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det seier politimeister Johan Brekke.

Diskusjon

Men diskusjon om korleis politiet vil halde seg til at dei to sit i kyrkjeasyl vert det.

Politimeisteren seier han vil diskutere saka med UDI.

- Det er vanlega at politiet ikkje grip inn i kyrkjeasylsaker, seier Brekke.

I går kom den ni år gamle eritreiske flyktningen Simon og far hans tilbake til Florø frå Italia, og gjekk umiddelbart i kyrkjeasyl i kystbyen.

Kontaktar UNE og UDI

VED STORTINGET: Kåre Leif Hollevik og Bente Frøyen Steindal (t.h.) utanfor Stortinget.

VED STORTINGET: Kåre Leif Hollevik og Bente Frøyen Steindal (t.h.) utanfor Stortinget tidlegare i haust då dei leverte over fire tusen underskrifter til regjeringa. Arkivfoto.

Bente Frøyen Steindal

Ordførar i Florø Bente Frøyen Steindal har engasjert seg i saka, og håpar dei to eritreiske flyktningane får bli i Florø. Arkivfoto.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Vi vil ta kontakt med ansvarlege myndigheiter i slike saker, og diskutere med dei korleis vi skal handtere denne saka. Og vi vil ha løpande kontakt med dei om dette, seier politimeisteren.

Simon og Far hans var utviste frå landet for knapt tre månader sidan etter at dei hadde fått avslag på alle søknader og ankersaker om å få vere i landet.

I går godkjende soknerådet i Florø å late dei to få kyrkjeasyl i kyrkja i Florø.

Ordførar vil la dei bli


Uvisningssaka har skapt sterkt engasjement langt uover Florø i hovudsak avdi ein 9-åring var involvert, og at han hadde blitt godt integrert i Florø-samfunnet gjennom halvanna år.
Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal seier det er lite ho kan gjere slik saka er no.

- Eg kan ikkje gjere noko med dette no. Men eg har vore engasjert i saka, og eg håpar at det vil løyse seg til det beste for dei to, seier Frøyen Steindal.

Lykkeleg utgang for Steindal betyr at dei får vere i Florø. Ho har også stor forståing for soknerådet som har late dei få kyrkjeasyl.