Hopp til innhold

Kommunelegen stengjer verftet – 19 smitta jobbar her

Fredag ettermiddag vedtok kommunelegen i Hyllestad å stengje skipsverftet til Havyard i Leirvik. Årsaka er at 19 av dei 21 som er koronasmitta jobbar ved verftet.

Verdas største brønnbåt

STENGT AV KORONAVIRUSET: Skipsverftet til Havyard i Leirvik er stengt etter at det vart på vist koronasmitte blant dei tilsette.

Foto: David Zadig / David Zadig

OPPDATERT: Laurdag ettermiddag melder kommunen at det er tre nye smitta.

Bergen kommune vil ta vil ta imot koronasmitta frå Hyllestad. Dei smitta skal bu i isolat på koronahotellet, og dei første er venta dit laurdag kveld.

– Vi er takksame for at vi får denne hjelpa ein krevjande situasjon, skriv kommunen på nettsida si.

Høgt smittetrykk

Hyllestad i Sogn har litt over 1300 innbyggarar, og med såpass mange smitta dei siste dagane, har kommunen truleg eit av dei høgste smittetrykka i Noreg akkurat no.

Smitteutbrotet i har sitt utspring på skipsverftet med 460 tilsette.

– Det er stort smitteutbrot ved Havyard. Det er ikkje uventa at kommunelegen går det til grepet og vedtek å stengje verftet i ein periode, seier ordførar Kjell Eide til NRK fredag kveld.

Smittesporinga viser at alle tilfella kan sporast tilbake til Havyard, eller i nærkontakt til arbeidarar ved verftet, opplyser kommunen.

Verftet stengde på eige initiativ produksjonen på onsdag, men fredag ettermiddag kom altså det formelle vedtaket frå legen. Ifølgje ordføraren betyr det at all aktivitet må stoppe, bortsett frå smittetestinga som føregår på området.

Ingen er alvorleg sjuke

– All smittesporing fører oss tilbake til verftet, seier smittevernlege Anette Ester til Firda.

19 av dei 21 som er smitta av koronaviruset jobbar ved verftet. Dei to siste er i familie med personar som jobbar der, opplyser ordførar Kjell Eide til NRK.

Ingen av dei smitta skal vere alvorleg sjuke.

Alt førre laurdag blei det kjent at ein utanlandsk arbeidar ved verftet testa positivt på covid-19. Mannen kom frå Polen torsdag og testa seg då han landa på Flesland. Dei fleste som er smitta er gjestearbeidarar frå Polen, seier verftssjef Erlend Hatleberg til BT.

Fleire kan vere smitta

Ordføraren har ikkje eit eksakt tal på kor mange personar som er i karantene, men han meiner talet har passert 200 fredag ettermiddag.

Ordføraren utelukkar ikkje at fleire kan vere smitta.

– Det kan kome fleire positive prøvar. Vi har testa i heile dag og vi kjem i alle fall til å teste på laurdag og. Kanskje søndag og, forklarar ordføraren til NRK.

Også han peikar på hjørnesteinsbedrifta når NRK spør etter kvar smitten kjem frå.

– Det er ingen kjent smitte i lokalsamfunnet, utanom på Havyard. Det er positivt. Slik sett synest vi det har gått bra, men det er ikkje enkelt for bedrifta, seier Eide.

– Resultata syner at vi har gjort dei rette tiltaka slik at det ikkje er kome smitte ut i lokalsamfunnet.

Kommunen meiner dei no har god oversikt og kontroll på utbrotet.

Kjell Eide, ordførar i Hyllestad (Ap)

ORDFØRAREN: Kjell Eide seier at det ikkje er kjent smitte i lokalsamfunnet, utanom hos dei som jobbar ved Havyard.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Over 200 i karantene

Ordføraren seier at kommunen no jobbar intenst med smittesporing og testing. Berre fredag vart 150 personar testa. Totalt er no 300 personar i Hyllestad testa, der 200 er testa ved stasjonen på skipsverftet.

Til Firda seier konsernsjef Gunnar Larsen i Havyard Group at han ikkje kan seie om denne personen har smitta fleire.

Han seier elles at dei har gode rutinar ved verftet.

– Så langt eg veit har vi ikkje avdekka brot på prosedyrane. Vi meiner vi har hatt gode nok rutinar, og vi har følgt det som er av retningslinjer og pålegg frå styresmaktene. No skal vi sjå gjennom dei ein gong til, for å sjå kva tiltak vi kan gjere, seier han til Firda.

– Ein dramatisk situasjon

Laurdag føremiddag seier også verftsdirektør Erlend Hatleberg at rutinane på smittevern er gode, men utfordringa er om dei klarer å praktisere dei godt nok.

– Sjølv kor flinke vi er på oppmoding, så er det opp til kvar enkelt person å ta smittevern på alvor, seier han til NRK.

Han er takksam for alle som no velvillig stiller opp og tek testen slik at dei kan komme seg vidare i smittesporinga.

Inntil situasjonen er under kontroll, vil det vere stopp i produksjonen ved verftet.

– Å stengje ned på ein slik måte er ikkje kjekt verken for dei tilsette, kundane eller eigarane. Det er ein dramatisk situasjon vi er i, og det er trasig for oss alle.

Også skulen og barnehagen i kommunen er stengde inntil vidare. Samstundes er det innført strenge besøksrestriksjonar på sjukeheimen og kommunehuset.

Jan Helge Dale

ÅTVARAR: Kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, meiner Noreg driv risikosport med å tillate arbeidsinnvandring under pandemien.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi driv risikosport

Kommuneoverlege Jan Helge Dale har ikkje noko gjere med smitteutbrotet i Hyllestad, men til Firdaposten seier han at det er risikosport å opne grensene for arbeidsinnvandring. I Florø var det fredag påvist smitte hos ein polsk arbeidar på verftet.

– Polen er eit høg-endemisk område, som betyr at det er mykje smitte der, og det at denne smitta kjem til landet via arbeidsinnvandring er eit problem vi venta på, seier Dale til avisa.