Hopp til innhold

Hyllestad forsynte seg grovt

Biljardspelarane frå Hyllestad forsynte seg grovt frå medaljebordet under junior-NM i Oslo i helga. Nina Torvund vann alle tre disiplinane og er no oppe i 11 NM-titlar. Det gjer henne til den mestvinnande spelaren i klubben. I tillegg vann Eirik Tonning Hatløy sin første gullmedalje, medan Astrid Eiken Flage kom heim med to sølv og ein bronse. Bronse vart det også på Hedda Mirzai.

Kom heim med ti NM-medaljar
Foto: Hyllestad biljard