Hyllestad forsynte seg grovt
Biljardspelarane frå Hyllestad forsynte seg grovt frå medaljebordet under junior-NM i Oslo i helga. Nina Torvund vann alle tre disiplinane og er no oppe i 11 NM-titlar. Det gjer henne til den mestvinnande spelaren i klubben. I tillegg vann Eirik Tonning Hatløy sin første gullmedalje, medan Astrid Eiken Flage kom heim med to sølv og ein bronse. Bronse vart det også på Hedda Mirzai.