Hopp til innhold

Hybridfelgen kan hamne i Kina

Innovasjon Norge forhandlar med kinesisk firma om sal av hybridfelg utvikla i Høyanger.

Hybridhjulet som vert utvikla ved Fundo i Høyanger.

Hybridfelgen vart utvikla ved Fundo Wheels i Høyanger. No kan den hamne i Kina.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Dei kan velje å kjøpe alt om dei vil, men ei anna løysing er eit samarbeid og halde fram utvikling av teknologien i Norge og kanskje overføre den til Kina når den tid kjem, seier Einar Åsen, som er tidlegare utviklingssjef ved Fundo Wheels.

No arbeider han på oppdrag frå Fundo med å selje patenten.

Tysk og kinesisk interesse

Felgfabrikken vart slått konkurs 12. januar og 12. februar vart dørene stengde for godt då det ikkje lukkast å få inn nye eigarar av Fundo.

Video nsps_upload_2009_2_12_19_6_38_38.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Innovasjon Norge har pant i hybridfelgen som Fundo Wheels i Høyanger har utvikla. Etter skiftesamlinga i Fjordane tingrett i midten av februar, byrja bustyret og Innovasjon Norge å førebu sal av felgen . Både tyskarar og kinesarar skal vere interesserte i å sikre seg felgen.

Vurderer samarbeid

LO har tidlegare sagt at dei ynskjer felgproduksjon i Høyanger . Det er lite truleg vil skje. Sjølv om dei no forhandlar om sal av felgen, seier Åsen at det kan vise seg meir lønsamt for å innleie eit samarbeid med kinesarane, framfor å selge heile patenten til eit tysk firma.

- Det er dette vi no skal sjå på, kva moglegheiter det er for kinesarane og kva moglegheiter det er for tyskarane, seier han.

Held fram utvikling

Åsen legg til at det førebels ikkje er noko som tyder på at interessentane ser føre seg storstila felgproduksjon i Høyanger.

- Men kinesarane er veldig opptekne av samarbeid. Det kan godt vere at dei ser det som viktig at vi held fram med prosessutvikling heime og ein småskala produksjon, og gjer den klar for storvolum, seier han.

Video nsps_upload_2009_1_12_19_11_2_2185.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.