Hopp til innhold

Huset rista og lampene skrangla fire mil frå jordskjelvsenteret

YTRE ARNA (NRK): – Kona stod på kjøkkenet. Ho tenkte at «no fer det ned, alt saman», seier Reidar Aasheim.

Aasheim

MERKA SKJELVET: Huset til Reidar Aasheim rista under jordskjelvet tysdag morgon.

Foto: Elise Farestveit / NRK

I Ytre Arna, om lag 40 kilometer i luftline frå episenteret til jordskjelvet vest for Øygarden, kjende Reidar Aasheim og kona Kari på naturkreftene i dag.

– Det var ei veldig rumling i djupet under huset. Eg trudde det var ein kraftig salve i steinknuseverket her i nærleiken, seier Aasheim.

Men då han ringde dit, fekk han vite at det ikkje hadde vore sprenging der i dag. I staden var det eitt av dei sterkaste jordskjelva i Norge på mange år som vibrerte gjennom bakken.

Eit jordskjelv med styrke 3,8 tilsvarer ein eksplosjon med 7559 kilo TNT, ifølgje seismolog Dominik Lang i forskningsinstituttet Norsar.

Var redd for huset

– Huset byrja å rista ganske bra. Lampar og slikt skrangla som berre det, seier Aasheim.

– Kona stod på kjøkkenet. Ho tenkte at «no fer det ned, alt saman», seier han.

Etter nokre sekund var det over. Huset står.

– Redd var eg ikkje, men er ikkje interessert i å ha det slik fleire gonger, seier Aasheim.

Jordskjelv

Kjende det i beina

Mange hordalendingar og sogningar har kjend skjelvet i dag.

Linn Borlaug Grønning, som jobbar ved Linn Bad i Vik, var ein av dei.

– Eg sat her og jobba. Brått kjende eg at stolen min rista. Det skjedde to gonger. Eg kjende det skikkeleg i beina. Då eg gjekk ut i gangen, kom alle kollegaene mine òg ut. Vi hadde alle merka den same ristinga, fortel Grønningen.

NRK-lesarar har meld at dei kjende skjelvet på Landås, i Austrheim, i Florø, vest på Sotra, Fjøsanger, Dalekvam, Granvin og Askøy, mellom andre stader.

– Eg merka det her på Voss òg. Det rumla i huset, nok til at eg såg på klokka og merka meg tida, skriv Sølvi Mortensen på Facebook.

– Var det jordskjelv her i Hordaland (Rosendal) no? Syns heile huset rista, skreiv Signe Instanes til NRK klokka 09:52 på 03030.no.

– Det var skikkeleg ekkelt. Først var det eitt smell, og så eitt smell til. Heile blokka rista, seier Richard Sørensen, busett på Ågotnes i Fjell kommune.