Hopp til innhold

Her vert hurtigruteskipet «Fridtjof Nansen» evakuert

Skipet grunnstøtte kvart over tre natt til onsdag. 398 personar som var om bord vert no evakuerte.

Passasjerar går av Hurtigruteskipet «Fridtjof Nansen» i Måløy etter grunnstøting

TRYGG HAMN: Ekspedisjonsskipet ligg no til kai i Måløy. Skipet skulle på cruisetur i Sognefjorden då det grunnstøytte.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Evakueringa starta klokka 14:00.

– Eg kan bekrefte at det er hol i skutesida på båten, seier Sølve Oldeide i Nordfjord hamn.

Dykkarar har inspisert skadane på skroget og brannmannskap jobbar no med å pumpe ut vatn frå eit lukka skott. Inne i skipet er det skadde området stengt av.

Ekspedisjonsskipet «Fridtjof Nansen» var på veg frå Lofoten til Flåm i Sogn då det grunnstøytte.

Skipet kom seg til kai for eiga maskin med assistanse frå redningsskøyta.

Ingen av dei 398 om bord skal ha kome til skade i hendinga.

Neste stoppestad for dei vert Ålesund ifølge kommunedirektør i Kinn, Terje Heggheim.

– Heldigvis ser det ut som dette har gått veldig bra, men som kommune vil vi vere i beredskap og er engstelege for at slikt kan skje, seier ordførar i Kinn, Ola Teigen.

Vindkast på 70 knop i området

– Det er ingen rapporterte skader og stemninga skal vere god om bord.

Det fortel pressevakt Øystein Knoph i Hurtigruten Expeditions.

Han fortel at skipet grunnstøytte klokka 03:17 i natt og fekk skader. Det var dårleg vêr med vindkast på 70 knop i området.

Om bord er det 233 gjestar i tillegg til ei besetning på 165 personar.

Hurtigruteskipet MS Fridtjof Nansen ved kai i Måløy.

TRYGG HAMN: Ekspedisjonsskipet ligg no til kai i Måløy. Skipet skulle på cruisetur i Sognefjorden då det grunnstøytte.

Foto: Erling Wåge

Vil ikkje spekulere i årsak

Uavhengig av sterk vind og vêr i området vil ikkje Hovudredningssentralen trekke slutningar.

– Eg vil ikkje spekulere i årsak, seier Oddgeir Andersen ved Hovudredningssentralen.

Naudetatane er på staden og arbeider for å få oversikt over situasjonen.

– Dei har meldt om skader på skroget, men at dei ligg stabilt der, seier operasjonsleiar Tom Johannessen ved Vest Politidistrikt.

Passasjerane vert frakta til Ålesund med buss.

BUSS FOR BÅT: Passasjerane skal fraktast til Ålesund med buss.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK