Hopp til innhold

Ser likskap mellom nesten-ulukka utanfor Sotra og «Viking Sky»-havariet

Fire ulike granskingar er sett i verk etter at lasteskipet «Wilson Parnu» mista motorkrafta og dreiv mot land. Mykje liknar på «Viking Sky»-dramaet i 2019, meiner Sjøfartsdirektoratet.

Wilson Parnu i havsnaud

ALVORLEG: Berre 500 meter ifrå ei grunne fekk lasteskipet tilbake motorkrafta. Då stod redningshelikopteret klar til å redde mannskapet.

Foto: Kristian Gerhard Jebsen II / Redningsselskapet

Ein stor redningsaksjon blei sett i gang då lasteskipet «Wilson Parnu» mista motorkraft og dreiv mot land i sterk vind ved Telavåg i Øygarden, tidleg sundag.

Skipet, som er norskeigd, var på veg frå Kristiansand til Murmansk då det gjekk gale utanfor kysten av Hordaland.

Det vart starten på ein større redningsoperasjon.

Både Kystvakta og Forsvaret blei kalla ut, saman med ein fiskebåt, redningsbåtar og redningshelikopter.

Lasteskipet, som hadde eit mannskap på åtte personar om bord, fekk start på motoren berre 500 meter ifrå næraste grunne utanfor Øygarden.

Lasteskipet «Wilson Parnu» på veg mot Bergen

SLEPT TIL BERGEN: «Wilson Parnu» skulle til Murmansk, men ligg no i Bergen medan det blir undersøkt kva som skjedde.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Ingen veit kva som skjedde

Kva som eigentleg skjedde kan ingen førebels svare på. Verken reiarlag, politi eller Sjøfartsdirektoratet veit enno kvifor lasteskipet mista motorkraft.

– Hadde skipet gått på grunn hadde dette blitt dramatisk. Når ei sak har så stort potensial for å bli alvorleg, er det viktig å finne ut kva som gjekk gale, seier Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

Både reiarlaget, klasseselskapet Burau Veritas, og sjøfartsdirektoratet vil gjennomføre kvar sitt tilsyn.

Aarhus seier at direktoratet i morgon går om bord på «Wilson Parnu». Lasteskipet var ferdigbygd i 2008.

I STERK VIND: Lasteskipet var på veg frå Kristiansand til Murmansk då det gjekk gale utanfor Øygarden.

Ser parallell til Viking Sky

Sjøfartsdirektoratet meiner det er naturleg å følgje opp denne nestenulukka på lik linje med havariet til cruiseskipet «Viking Sky».

I mars 2019 mista cruiseskipet motorkraft og dreiv mot land utanfor Hustadvika. Om bord var over 1300 passasjerar. Fleire hundre vart evakuert med helikopter.

Ein førebels rapport konkluderte med at lågt oljetrykk var årsaka til havariet. Også her var været dårleg og bølgene høge.

– Vi ser at dei to hendingane har fleire likskapstrekk. Men vi veit lite om hendinga utanfor Sotra per no, seier Aarhus.

Viking Sky

DRAMA: Over 400 personar vart evakuerte frå cruiseskipet «Viking Sky» då det fekk trøbbel ved Hustadvika i mars 2019.

Foto: Åse Grete Farstad

Opprettar undersøkingssak

Politiet i Bergen har oppretta det dei kallar undersøkingssak på hendinga. Mannskapet, som alle er frå Russland, skulle avhøyrast i går.

Dette vart stoppa grunna språkproblem.

– Vi mangla russisk tolk, seier politiadvokat Torunn Strand.

Det vart også gjennomført promilletest på kapteinen av lasteskipet. Denne var negativ, opplyser Strand.

Det har ikkje vore nye forsøk på avhøyr måndag, og per no vil ikkje politiet gjere meir i saka før Sjøfartsdirektoratet har gjort sitt tilsyn.

Må ha rapporten klar innan 72 timar

Lasteskipet er eigd av Wilson.

Reiarlaget er no i gang med sine eigne undersøkingar, etter at skipet blei losa til kai i Bergen.

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet skal ulukkesrapporten frå hendinga kome frå reiarlaget og kapteinen innan tre døgn.

Førebels veit heller ikkje reiarlaget kva som skjedde, seier administrerande direktør Øyvind Gjerde.

– Skipet har ikkje hatt liknande problem tidlegare. Vi veit at lasteskipet fekk maskinstans, ein såkalla «black out». Då blei det med ein gong slått alarm.

– Vi må sjå på om noko burde vore avdekka på førehand. Og me må vera trygge på at tiltaka som vert gjort for at skipet skal kunne segla vidare vert gjennomført, avsluttar Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.