Hopp til innhold

Hurtigruten skyldar Gerd og Kjetil 102.000 kroner

Mange reisande vil ha pengar tilbake frå Hurtigruten. Tre og ein halv månad etter at turen til ekteparet Gerd og Kjetil Heddeland blei kansellert ventar dei framleis på pengar.

Gerd og Kjetil Heddeland

SKUFFA: – Det er veldig skuffande. Først fekk vi ikkje turen, så fekk vi den behandlinga, seier Gerd Heddeland, saman med ektemannen Kjetil heime i stua i Marnadal i Lindenes kommune.

Foto: Leif Dalen / NRK

Forlokkande bilde av midnattssol, havørn og fjordarmar med snødekte tindar freista ekteparet Heddeland til å tinge seglas med Hurtigruten.

Paret frå Marnadal i Lindenes kommune fylte runde år i år, Gerd på 75 og Kjetil på 80.

I mai skulle dei reise med MS «Trollfjord» med utvendig minisuite og fullpensjon, frå Bergen til Kirkenes og tilbake. Prisen blei 102.314 kroner.

Men turen blei det ikkje noko av. 26. februar segla koronaviruset inn i Noreg, og i dei neste vekene stengde Noreg ned.

– Vi ville sjå naturen, langs heile kysten opp og ned. Men så begynte vi å ane at det gjekk gale vegen, seier Gerd Heddeland.

Avgang innstilt

Hurtigruten tok trafikken mellom Bergen og Kirkenes ned til berre å transportere lokalpassasjerar, gods og naudsynte varer.

14 av 16 skip blei tatt ut av drift, MS «Trollfjord» blei lagt i opplag i Tromsø.

I slutten av mars tok Heddeland-paret kontakt med reiarlaget for å få pengane att. Dei seier at dei av helsemessige grunnar ikkje kan reise seinare.

Då fekk dei beskjed om å fylle ut eit skjema for å refundert pengane. Etter å ha gjort det i siste halvdel av april, purra dei 22. mai.

Svaret frå Hurtigruten var at saka var at det tok tid å få refundert pengane, men at dette ville bli ordna snart.

MS Trollfjord på Geirangerfjorden

«TROLLFJORD»: Ekteparet Gerd og Kjetil Heddeland hadde tinga reise med MS «Trollfjord», her avbilda i Geirangerfjorden.

Foto: CONNY WUNSCHE / Hurtigruten

– Eg kan forstå at dei har mykje å gjere, men det er berre nokre tastetrykk frå å føre over pengane til oss. Viss dei vil, så meiner eg dei kan det, seier Gerd Heddeland.

– Veldig skuffande

7. juli purra dei på nytt, og fekk ein autogenerert e-post tilbake.

– Det er veldig skuffande. Først fekk vi ikkje turen, så fekk vi den behandlinga, seier Heddeland.

I april forlenga regjeringa fristen reiseselskap har på å betale tilbake refusjonar, frå 14 dagar til tre månader.

Forbrukartilsynet seier at denne fristen er i ferd med å gå ut for mange, og at fleire reiseselskap no har starta å betale tilbake.

– Etter sommaren kjem vi til å ta ein liten runde for å sjå om selskapa oppfyller den plikta, seier avdelingsdirektør Jo Gjedrum i Forbrukartilsynet.

Gerd og Kjetil Heddeland

BLEI HEIME: Det blei ikkje tur på Gerd og Kjetil Heddeland i år.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Utan sidestykke

Hurtigruten seier at dei ikkje kan gå inn i enkeltsaker, men uttalar seg på generelt grunnlag.

– Vi jobbar så raskt vi berre kan, og betalar ut fortløpande. Alle som har krav på refusjon, vil sjølvsagt få pengane sine tilbake. Vi betalar ut så raskt som mogeleg, og innanfor den lovpålagde fristen på tre månader, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege.

Verdien av kansellerte reiser er på over ein milliard kroner. Dei fleste vel å flytte reisa si, fortel han.

– Dette er ein situasjon utan sidestykke i vår 127 år lange historie. Vi har sett inn ekstra folk for å ta unna så mykje som mogeleg, men på grunn av den enorme mengda tar det dessverre lengre tid enn vanleg, seier Ege.

Uansett har Heddeland-paret mista lysten på å segle med Hurtigruten.

– Eg følar eg er ferdig med det. Eg ville ikkje ha fått den same gleda på grunn av denne opplevinga. Og så blir vi ikkje yngre med åra heller.