Hundrevis av fargerike, feststemde og utkledde deltok laurdag i båtparaden på Byfjorden.
Når pridetog og folkefest gjennom sentrumskjernen blei vanskeleg, sette Bergen pride sjøbein under årets markering.
Båtparaden er eit alternativ til den tradisjonelle gåparaden, som sist gjekk av stabelen i 2019.
Så avlyste korona alle planar om pridemarkering i fjor.
– Det var eit rart år i fjor. Endeleg kan me få lov å feira igjen, seier Christian Haugen, alias Frida Fis, frå baugen på MS «Rygercruise».
Med framføringar, show og DJ førte regnbogedagane sin offisielle paradebåt an i rekka som segla frå Frøviken på Eidsvågsneset til Vågen i Bergen sentrum.
– Sjølv om det er eit mindre arrangement er eg utruleg glad for at Bergen Pride har klart å få det til. Dette er så gøy, og det er så viktig for alle dei som er litt annleis i Noreg. I dag er me alle fargar og alle er velkomne.
Forsvaret viste styrke
Høgst velkomne var også Sjøforsvaret, som for første gong deltok offisielt i ei markering under regnbogedagane.
Med heile sju skip var den norske marinen tungt til stades under seglasen: det gamle krigsskipet KNM Hitra, KV Tor, KNM Olav Tryggvason, pluss to skulefartøy og to lettbåtar deltok.
For aller første gong vaia regnbogeflagget frå mastene til det norske forsvaret.
– For det første er Sjøforsvaret vane til å kommunisera gjennom signalflagg. Det har me gjort i alle år, og i dag kommuniserer me at me stiller oss bak denne kampen for mangfald. Det er viktig for oss å seia tydeleg ifrå at alle er velkomne til å tenestegjera i Sjøforsvaret uavhengig av kven ein er og kva legning ein har, seier sjefen for Sjøforsvaret, Rune Andersen til NRK.
Nesten berre kvinnelege rekruttar deltok
Cirka hundre vernepliktige har stilt opp på frivillig basis under markeringa i Bergen, opplyser Andersen.
Eit stort overtal av desse er kvinner.
– Kvifor det er slik veit eg ikkje. Det er kanskje eit signal om å framleis jobba for å gjera dette normalt, og jobba for at det skal vera høg toleranse.
– Tradisjonelt har Forsvaret vore prega av eit mannsdominert og maskulint miljø. Korleis opplever du at toleransen og respekten for LGBT-samfunnet er i dine rekker?
– Eg trur mykje har endra seg allereie, men det er framleis ein veg å gå. Difor er det viktig at me seier klart ifrå ved å delta i ei slik markering.
Ordførar roste arrangøren
Om bord på båten var også bergensordførar Marte Mjøs Persen (Ap).
– Det er kjempegøy å vera på Pride. Det er utruleg moro med båtparade, og eg har lyst å gi honnør til arrangøren for å få dette til. Når me er utpå her og ser kor mange båtar som har møtt opp, så ser ein at dette har fått stor oppslutnad, kommenterer ordføraren.
Joakim Aadland er festivalsjef for Regnbuedagene i Bergen.
Han er glad for Sjøforsvaret si deltaking. Han trur det faktum at årets parade blei gjennomført til sjøs gjorde den avgjerda enklare.
– Eg trur det er viktig at ein kvar arbeidsplass i Noreg er med å visa at dei viser at dei er opne og at alle er velkomne.
Fleire stader i landet har pride-flagget blitt rive ned og sett fyr på den siste veka. Aadland er glad for at stemmene som støttar homokampen overdøver motstandarane.
– Ved å riva ned og brenna flagget så sender desse folka ein beskjed om at me ikkje eksisterer, og ikkje skal høyra til. Men når nokon riv ned flagget, så er det hundre andre som set det opp. Det er den viktigaste delen for oss, seier Aadland.
Etter båtparaden held festen fram på USF Verftet med talar, paradeshow, appellar og konsertar.