Hopp til innhold

Høyr fredagspanelet når du vil

Kvar fredag morgon høyrer du fredagspanelet på radio. No kan du høyre det når du vil som podkast.

Karl Seglem og Brigt Samdal

Brigt Samdal og musikar Karl Seglem var fredagspanel i januar 2011.

Foto: Simon Solheim / NRK

Lenke til podkast: http://podkast.nrk.no/program/nrk_sogn_og_fjordane.rss

Panelet vårt diskuterer kvar fredag dei største snakkisane frå den siste veka. I studio finn du personar som Anne-Mette Hjelle, Per Arne Tveit, Eva Marie Halvorsen, Kristine Timerlid, Henning Rivedal, Brigt Samdal, Stine Lilloe-Olsen og Alfred Bjørlo.

Fredagspanelet som podkast

Har du ikkje tid til å lytte til direktesendinga, har du no sjansen til å¨lytte når det passar for deg. Vil legg nemleg ut sendinga som podkast. Du kan laste ned programmet til mp3-spelaren eller mobiltelefonen din. Det er enkelt å komme i gang med å lytte til podkasting.

Først må du laste ned ei programvare for å kunne motta podkast. Programvaren, som er gratis, sørgjer for å hente podkastene til datamaskinen din.

Velg at du skal abonnere på podkast, og lim inn denne lenka:

http://podkast.nrk.no/program/nrk_sogn_og_fjordane.rss

Treng du hjelp til å komme igang, kan du klikke på lenka under.

Podkasting - slik gjør du

Til PC, mp3-spelar eller mobiltelefon

Du kan laste ned programmer til din PC og overføre dem til en MP3-spiller

Når programmet er lasta ned, kan du høyre det frå PC-en eller overføre det til mp3-spilleren din. Du kan også overføre det til nyare mobiltelefonar.

Det er heilt gratis å laste ned Fredagspanelet som podkast. Vi sender ut ein podkast kvar fredag.

Heile podkast-tilbodet til NRK