Hopp til innhold

Høyangerjente blir Stabæk-spelar

Siri Nordeide Grønli spelar neste sesong for Stabæk.

Siri Nordeide Grønli

Siri Nordeide Grønli (med ballen) frå Høyanger, spelar neste år for Stabæk.

Foto: Peter Tubaas

Det vart klart torsdag kveld.

- Eg kjem rett i frå trening. Då var Mimmi Berdal og Lars Bohinen på plass for å gje oss den gode nyhenda. Det vart ståande applaus, jublar høyangerjenta.

Einaste alternativ

Framtida til spelarane i Toppserieklubben har den siste tida vore svært uviss. Torsdag kveld gav årets seriemeistrar for herrar, Stabæk, grønt lys til å ta over Asker . Dermed blir Siri Nordeide Grønli lagkamerat med Alanzinho og Daniel Nannskog neste år.

- Vi hadde mest lyst til at det skulle gå i orden med Asker, men det var ikkje mogleg slik økonomien var. Skulle vi halde fram som topplag, så var Stabæk einaste alternativ, seier Nordeide Grønli.

Usikker på satsing

Høyangerjenta er usikker på om klubbskifte får andre konsekvensar enn at dei rett og slett skiftar namn til Stabæk.

- Slik eg har forstått det, så var det snakk om at det på sikt blir meir profesjonelt og at ein slepp å jobbe så mykje ved sidan av fotballen. Det viktigaste no er uansett å få inn lisenspapira og at overdraginga går i orden, seier Nordeide Grønli.

Ynskt av Kolbotn

Den siste tida har vore frustrerande for spelarane på Asker. Fleire klubbar sendt førespurnad på Asker-spelarane. Også på høyangerjenta.

- Dagleg leiar informerte om at det var kome brev på fleire av spelarane. Mellom anna frå Kolbotn på meg. Men eg har ikkje snakka med Kolbotn. Det hadde blitt litt rart å møtt tidlegare lagkameratar på andre lag, vedgår 24-åringen.

Dobbelt x 2 i 2009

Når framtida no er spikra, kan spelarane endeleg sjå framover til neste sesong. Ho har eitt cupmeisterskap med Asker, men aldri vunne serien.

- Vi var på samling med Ingebrigt Steen Jensen i Stabæk. Han snakka om å ta kvadruppel i 2009 - at både dame- og herrelaget skal ta "the double". Så "watch out" neste sesong, ler Nordeide Grønli.

Vil i EM-troppen

Høyangerjenta vart nyleg teken ut på si første landslagssamling til EM-kvaliken i Russland. Det gav meirsmak.

- Det var første tur med landslaget. Dermed var eitt mål nådd. Eg fekk ikkje spele, så neste mål er å nå heilt ut på bana. Eg håpar å komme med i EM-troppen neste år, seier 24-åringen.