Hopp til innhold

Hovland trur han blir i Sogndal

Sjølv om Even Hovland og agent Jim Solbakken har stått hardt på for at han skal seljast til Molde, trur Hovland at han framleis er Sogndal-spelar når sesongen startar.

Even Hovland
Foto: Sander Heggheim / NRK

- Det trur eg at eg er, seier midtstopparen frå Vadheim som fyller 22 i februar.

- Kva tykkjer du eigentleg om det?

- Det er greitt, det. Det er slik det har blitt og då får vi innfinne oss med det. Eg er klar for å gje 100 prosent for Sogndal.

- Er dette noko du må seie?

- Nei, no har vi kome oss opp i Eliteserien. Det er ein fantastisk sjanse så dette blir moro, seier Hovland.

(Artikkelen held fram under biletet)


Kobla til mange

Even Hovland i samtale med fotballagent Jim Solbakken

NESTEN UDINESE: Den italienske klubben skulle ta ein siste titt på Hovland då han vart skadd i 2008. Udinese sin representant til venstre.

Han har vore i vinden det siste året etter først å ha vore på to treningsopphald i Manchester United. Seinare vart han kraftig kobla til Molde som prøvde å kjøpe han i fjor haust. Forsøka vart gjentekne i desember, men då Sogndal tok til å trene att denne veka var Hovland på plass.

Både sportsleg leiar Trond Fylling og trenar Harald Aabrekk har gjort det dei kan for å halde på spelaren Aabrekk er nøkkelen til både det defensive og det offensive spelet til Sogndal.

- Eg er vel eigentleg ikkje så overraska over å vere her framleis, seier Hovland.