Hopp til innhold

Everton og Rosenborg vil ha Even

Først var det Manchester United som var interessert i Even Hovland. No har også Everton og Rosenborg meldt seg på i kampen om spelaren.

Even Hovland

Even Hovland er ettertrakta, og fleire klubbar vil gjerne ha tak i spelaren frå Vadheim.

Foto: Rune Fossum/NRK

Det stadfestar sportsleg leiar i Sogndal Fotball.

- I følgje agenten hans, Jim Solbakken, har også Everton og Rosenborg vist interesse. Men eg håpar at det ikkje skjer noko meir akkurat no. For det kan vere greit å ha fokus på Sogndal i ein periode, seier Fylling til avisa Firda.

Hovland har to gonger fått spele med toppklubben Manchester United i England. Han fekk først reise over til klubben før jul, og fredag i førre veke var han igjen tilbake til på britisk jord med fotballskoa sine.

Even Hovland

I følgje agenten til Hovland, Jim Solbakken, skal Everton og Rosenborg vere interessert i å signere kontrakt med sogndalsspelaren.

Foto: Sander Heggheim / NRK