Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove (H), varsla tidleg at han ikkje kom til å halde fram som byråd, dersom Ragnhild Stolt-Nielsen (H) gjekk av som byrådsleiar. I dag gjorde ho nettopp det, og med ho fauk då også skulebyråd Hove ut av byrådet i Bergen.
LES OGSÅ:
Den nye byrådsleiaren Martin Smith-Sivertsen (H) har sjølv erklært at den politiske skilnaden mellom han og tidlegare leiar Ragnhild Stolt-Nielsen er liten.
– Det å starte på eit nytt prosjekt som det uansett kjem til å bli med ein ny byrådsleiar, følte eg var ein moglegheit for meg til å gå ut og gjere andre ting.
UT AV BYRÅDET: Martin Smith-Sivertsen (til høgre) overtok i dag som byrådsleiar i Bergen. Då Ragnhild Stolt-Nielsen gjekk av, følgde Harald Victor Hove (til høgre) etter.
Foto: Jon Bolstad / NRK– Eg har vore lenge i kommunen. No er det på tide å gjere noko anna, og dette er ein gyllen anledning.
– Men det var ein protest?
– I partiet mitt er ikkje protestar så vanleg. Men det var ein danna protest. Partiet gjorde eit val og det har dei full moglegheit til å gjere. Når partiet gjer det valet dei gjer, så vel eg å gjere noko anna, seier Hove.
LES OGSÅ:
– Du må tru på den leiaren du jobbar under
– Kvifor likar du ikkje Martin Smith-Sivertsen?
GJEKK AV: Ragnhild Stolt-Nielsen gjekk i dag av som byrådsleiar i Bergen.
Foto: Jon Bolstad– Eg har stor sans for Martin, men den byrådsleiaren me hadde var ein byrådsleiar eg ønskte å sitje i byråd med. Då blir det slik at sjølv om ein er einig politisk og kjem frå same parti, så blir det endringar. Dei endringane ville ikkje eg vere med på.
– Eg ville halde fram med Ragnhild Stolt-Nielsen. Når ho går av så går eg òg.
– Det verkar som at det i Høgre er slik at det ikkje er dei politiske skilnadane som skapar splid, men det at folk ikkje likar kvarandre?
– Nei, eg trur me har ein god kultur i partiet vårt, som gjer at me klarar å leve med alle dei ulike menneska som utgjer eit så stort parti som Bergen Høgre. Men til sjuande og sist handlar det om at du skal tru på den leiaren du jobbar under, og mi tru til Ragnhild var veldig sterk.
Overlege på Haukeland blir ny skulebyråd
Då Martin Smith-Sivertsen tok over som byrådsleiar i dag, presenterte han også sitt nye byråd. Den eine store endringa blei som venta at Hove går av.
NY LEIAR: Jana Midelfart Hoff vil ta over for Hove, annonserte Martin Smith-Sivertsen etter å ha overtatt byrådsleiarkontoret i dag.
Foto: Sindre Helgheim / NRK– Me har gått utanfor rådhuset for å hente inn ein ny skulebyråd. Det er overlege ved Haukeland sjukehus, Jana Midelfart Hoff, som vil ta over for Hove, annonserte Smith-Sivertsen etter å ha overtatt byrådsleiarkontoret i dag.
Fram til Midelfart Hoff tiltrer som ny skulebyråd 1. januar 2015, vil Charlotte Spurkeland fungere som konstituert byråd.
Dei tre byrådane i Frp, Liv Røssland, Helge Stormoen og Eilert Macody Lund, held fram som før. I Høgre vil Hilde Onarheim og Henning Warloe halde fram som i dag med same ansvarsområde.
Harald Victor Hove stadfesta i dag at han har fått tilbod om nye jobbar, men kva slags vil han halde for seg sjølv.
– No skal eg fyrst ha tre månadar med litt refleksjon og ettertanke. Så skal eg snakke med nokon som har meint at eg kunne gjere noko anna enn politikk òg. Det må vere noko som engasjerer meg, så eg er spent på kva eg kjem til å lande på.
LES OGSÅ: