NY SKOLEBYRÅD: Overlege Jana Midelfart Hoff er det eneste nye navnet i Smith-Sivertsens byråd.
Foto: Sindre Helgheim / NRK– Kjære Martin. No er dagen her. Den kom kanskje litt før det du eigentleg hadde planlagt, men sånn er det.
– Her er nøkkelen. Pass godt på byen. Eg ønsker deg inderleg lykke til.
Med desse orda overrekte Ragnhild Stolt-Nielsen nøkkelen til byrådsleiarkontoret til Martin Smith-Sivertsen, klokka 10 i dag.
– Dette gler eg meg veldig til. Eg ser fram til å gå i gang med jobben, og til å møte alle dei andre som eg skal jobbe saman med på rådhuset og i Bergen kommune, sa Smith-Sivertsen til NRK i dag tidleg.
Martin Smith-Sivertsen (H) blei med 103 av 171 stemmer valt til ny byrådsleiarkandidat for Høgre i førre veke. I dag måtte Ragnhild Stolt-Nielsen (H) lausne på nøkkelknipet, og gje vidare både nøkkel og kontor til den nye byrådsleiaren.
PRESENTERER NYTT BYRÅD: Martin Smith-Sivertsen (H) til venstre presenterer i dag sitt nye byråd. Det er venta at Harald Victor Hove (H) til høgre, vil gå av som skulebyråd.
Foto: Jon Bolstad / NRKBAKGRUNN: Martin Smith-Sivertsen blir ny byrådsleiar
Bergen får ny skulebyråd
Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove (H), har sagt at han ikkje ønskjer å halde fram som byråd, dersom Ragnhild Stolt-Nielsen går av. Det var difor forventa at Smith-Sivertsen i dag kom til å presentere ein ny skulebyråd.
– Me har gått utanfor rådhuset for å hente inn ein ny skulebyråd. Det er overlege ved Haukeland sjukehus, Jana Midelfart Hoff, som vil ta over for Hove, annonserte Smith-Sivertsen etter å ha overtatt byrådsleiarkontoret.
BYRÅDSLEIAR: Martin Smith Sivertsen såg ut til å trivast i byrådsleiarsetet då han overtok kontoret i dag.
Foto: Sindre Helgheim / NRKFram til Midelfart Hoff tiltrer som ny skulebyråd 1. januar 2015, vil Charlotte Spurkeland fungere som konstituert byråd.
Dei tre byrådane i Frp, Liv Røssland, Helge Stormoen og Eilert MaCody Lund, held fram som før. I Høgre vil Hilde Onarheim og Henning Warloe halde fram som i dag med same ansvarsområde.
– Budsjettet blir det fyrste eg gyv laus på
Martin Smith-Sivertsen meiner veljarane ikkje kjem til å merke dei store endringane når dei no får ein ny byrådsleiar.
GÅR AV: Ragnhild Stolt-Nielsen var blid, men noko skuffa då det sist veke blei kjent at ho må gje seg som byrådsleiar. I dag overrekker ho nøklar til byrådsleiarkontoret til Martin Smith-Sivertsen.
Foto: Jon Bolstad– Det er jo Høgre sin politikk, og den same plattforma vil ligge til grunn, seier Smith-Sivertsen, som etter å ha tatt over for Stolt-Nielsen, fyrst og fremst ta fatt på arbeid med økonomien i Bergen.
– Denne hausten er det viktig å få losa budsjettet i hamn. Dei økonomiske sidene vil vere det fyrste å gyve laus på.
LES OGSÅ:
Presenterer det nye byrådet klokka 10
Nøkkeloverrekkinga vil gå føre seg på byrådsleiaren sitt kontor på rådhuset klokka 10. Like etter vil Smith-Sivertsen presentere sitt nye byråd.
Deretter skjer følgjande:
11.00 Konstituerande byrådsmøte
12.00 Byrådsleiaren besøker ordførar Trude Drevland og bystyrets gruppeleiarar.
Tidspunkt for nøkkeloverrekkinga til andre byråd vil bli kunngjort etter byrådets konstituerande møte.
LES OGSÅ: