Hopp til innhold

Vestland er ny reisefavoritt: – Det betyr alt, seier campingeigar

Vestland er den nye feriefavoritten til nordmenn. Men campingeigar fryktar at vaksinerte nordmenn får reisa til utlandet i sommar, medan utlendingane blir heime.

Elvasuiten, Jølstraholmen camping

PÅGANG: Jølstraholmen camping har gjort god suksess med ei hytte som ligg kloss i hytta Jølstra. Der har det vore gjester nesten kvar natt sidan den opna i vår. Stort sett har det vore nordmenn.

Foto: Skjermdump / Julianne Flølo

Ei undersøking frå bransjeorganisasjonen Virke syner at Vestland er blitt nordmenn sitt nye, føretrekte reisemål i Noreg.

– Det betyr alt, etter eit år med mykje usikkerheit, seier Kristine Hjelmbrekke, dagleg leiar i Jølstraholmen camping i Sunnfjord.

Medan 20 prosent av nordmenn sa at dei kunne tenkja seg å reisa til Vestland i 2020, seier no 28 prosent det same. Dermed går Vestland forbi Viken som favorittreisemål.

Kristine Hjelmbrekke

TEK INGENTING FOR GITT: Kristine Hjelmbrekke er dagleg leiar for Jølstraholmen camping.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

For campingplassen vart likevel ikkje sesongen i fjor så aller verst, trass pandemien. No får dei meir besøk av nordmenn også utanfor den typiske sesongen i fellesferien.

– Eg trur aldri me har hatt drop-in bubilturistar i januar før, seier Hjelmbrekke.

Ikkje normalt til neste år

Sju av ti spurde i Virke si undersøking trur korona vil prega reisinga deira til neste år også. Mange seier dei heller vil reisa innanlands, sjølv om det skulle bli lov å reisa utanlands att til sommaren.

– Eg tek ingenting for gitt. Me må berre jobba for å få folk til å koma hit, seier Hjelmbrekke.

Allereie har dei norske turistane byrja å booka på campinga i feriar og helger framover. Ho ser optimistisk på året som ligg føre oss.

Likevel finst det scenario som skremmer Hjelmbrekke.

– Det verste som kan skje er om utanlandske turistar ikkje kan koma til Noreg, medan me har kome så langt med vaksineringa i Noreg at alle reiser til utlandet i staden, seier ho.

Hoddevik

PERLE: Hoddevika på Stadlandet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vestland har det folk vil ha

Folk vil ha aktive feriar, syner undersøkinga frå Virke.

– Det kan vera skiturar, gåturar, dykking og andre naturrelaterte aktivitetar. Vestland har både by, fjord og natur, så alt ligg til rette for å utøva aktivitetar, seier Astrid Bergsmål, leiar i Virke reiseliv.

Kø for å komme ut på Trolltunga

TROLLTUNGA: Turistattraksjonen er blant dei meir populære me har.

Foto: Tom Ingebrigtsen

Undersøkinga syner at fleire enn før planlegg å sova på hotell eller andre overnattingsstader enn før.

– I fjor ferierte me på ein annan måte i eige land enn før. Før besøkte me kanskje vener og kjende i Noreg, men i 2020 reiste me meir som turistar, seier ho.

Også Erna Solberg valde å legge ferien til Vestlandet i 2020.

Erna Solberg og Sindre Finnes i Stryn.

INSTA-ERNA: Erna Solberg og Sindre Finnes på vestlandsferie i sommar.

Foto: Erna Solberg på Instagram

Halve næringa i kneståande

Undersøkinga gir hardt råka hjørnesteinsbedrifter i små kommunar håp, meiner direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Ifølgje henne er det hjørnesteinsbedrifter på mange av reisemåla i småkommunane, som er viktige for lokalsamfunna.

– Halvparten av reiselivsbedriftene oppgir at dei er konkurstruga. Så situasjonen er alvorleg for både sysselsetting og busetnad i store delar av Kommune-Noreg, seier ho.

Kristin Krohn Devold på hytta i Hemsedal

KNESTÅANDE: Kristin Krohn Devold håpar at kommunar med lite smitte han få lette på koronatiltaka.

Foto: Caroline Utti / NRK

Ho ønskjer seg rom for lokale tilpassingar i smittepolitikken.

– No må me få fart på vaksineringa og få ein smittepolitikk som er tilpassa den enkelte kommune, slik at ein kan halda ope i område med låg og moderat smitte. Viss ikkje risikerer me å slå beina under halvparten av bedriftene, seier Krohn Devold.

Direktøren ber samtidig næringa halde ut.

– Hald ut. Vaksinasjonen og vêret talar for bransjen. I tillegg har me eit fantastisk reiselivsprodukt på Vestlandet og resten av Noreg, som både nordmenn og utanlandske har lyst til å besøke, seier Devold.