Hopp til innhold

Krisa påverkar ikkje hotella

Hotella i Sogn og Fjordane har hatt ein god start på sesongen trass i den økonomiske krisa i Sør-Europa.

Kvikne´s Hotel i Balestrand

GOD JULI-MÅNAD: Kvikne´s Hotel i Balestrand.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Folk i turistnæringa er redde for tomme hotellsenger på grunn av krisa i land som Italia og Spania, men ein ringerunde til ein del hotell tyder på at dette ikkje er tilfelle i Sogn og Fjordane.

Bookingansvarleg Kari Kvikne på Kvikne´s Hotel i Balestrand kan fortelje om god tilstrøyming av turistar.

– Juli i år ser ut til å bli betre enn juli i fjor, men vi ser at det kjem ein god del avbestillingar frå spanske grupper. Dei seier at det er dei økonomiske tidene som gjer at folk ikkje torer reise ut.

I staden kjem det fleire hotellgjester frå Asia til Balestrand og overtek sengene som blir ledige.

Fleire frå Asia, USA og Brasil

Richard Grov

FLEIRE FRÅ BRASIL: Richard Grov på Hotel Alexandra.

Også på Hotel Alexandra i Loen er det slik at når spanjolane avbestiller står andre klare til å overta sengene, seier direktør Richard Grov.

– Vi har ei fin utvikling både på den amerikanske og den asiatiske marknaden, Asia er i vekst, og så har vi Brasil som har blitt ein stor marknad for oss dei siste åra.

Fretheim Hotel i Flåm fortel om ein liten nedgang, men forklarar det med at dei i fjor haust valde å skru opp prisane for å trekkje til seg andre grupper.

Direktør Odd Erik Gullaksen ved Rica Sunnfjord Hotell i Førde seier spanjolane ikkje har svikta dei.

– Vi har ein del asiatar, mellom anna mange frå Korea, og vi har innslag frå Tyskland og Frankrike, så vi kan ikkje seie at vi har mista noko samanlikna med i fjor og føregåande år.

Sunnfjord Hotell

LIKE MANGE GJESTER: Rica Sunnfjord Hotell i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK